NRK Meny
Normal

I kveld skriv Florø og Sogndal cuphistorie

Når Florø og Sogndal spelar cupkamp klokka 18.30 i kveld er det første gongen eit eliteserielag og eit førstedivisjonslag frå Sogn og Fjordane møtest i ordinær kamp.

Florø-Sogndal - Eirik Bakke og Peter Aase

FORSMEDELEG MINNE: Dagens Sogndal-trenar Eirik Bakke var med på audmjukinga i Florø i 2012. Her i kamp med Peter Aase, i bakgrunnen André Reksten.

Foto: Alf Vidar Snæland

Kan du ikkje ta turen til Florø stadion, kan du sjå kampen her:

Det handlar om tredje runde i fotballcupen. For begge laga er det sjølvsagt viktig å kome vidare på vegen mot Ullevaal, men utgangspunktet for kampen er annleis enn i 2012, då laga sist møttest i cupen.

Då var Florø i 3. divisjon og var stort sett samansett av juniorar. Det å ta skalpen på Sogndal var noko av det største dei kunne tenke seg. Og det gjorde dei. Til slutt vart det 3–0 til Florø, og Sogndal vart audmjuka framfor 1500 elleville tilskodarar.

– Fekk bank

Dagens Sogndal-trenar, Eirik Bakke, var på bana i den kampen, saman med mellom andre Tore André Flo, og han hugsar godt kjensla etter det forsmedelege tapet.

– Vi gjorde ein god del endringar, stilte med eit reservespekka lag og fekk bank. Vi visste at Florø var eit godt lag, men ikkje at dei var så gode. Dei sprang over oss.

Og Bakke forsikrar at dei ikkje kjem til å ta lett på Florø anno 2017.

– Det som er heilt sikkert, er at eg ikkje spelar denne gongen. Vi må gjere nokre endringar i laget på grunn av skadesituasjonen, men vi stiller med eit godt lag. Målet er sjølvsagt å gå vidare i cupen, men vi veit vi møter eit entusiastisk lag, så vi må opp mot vårt beste for å vinne.

FSK-spelarane jublar over mål mot Sogndal.

FEM ÅR SIDAN: Hemningslaus Florø-jubel den 1. mai 2012 etter at laget hadde sendt Sogndal ut av cupen.

Foto: Alf Vidar Snæland

I 2017 er Florø i landets nest øvste liga. Der slit laget med å ta nok poeng til å greie seg, og difor har nok trenar Terje Rognsø og spelarane kanskje vel så mykje fokus på neste seriekamp som på cupkampen mot Sogndal.

Laster innhold, vennligst vent..
24. oktober er det 40 år sidan den legendariske cupfinalen mellom Sogndal og Brann.

JUBELÅRET 1976: Sjå TV-opptak frå kvartfinalen Sogndal-Start og finalen mot Brann.

Dei fleste veit sikkert at Sogndal kom til cupfinalen i 1976. Etter det har laget kome til seks kvartfinalar, siste gongen var i 2010, då Follo vann 3-1.

Jotun først ute

Den aller første gongen eit lag frå Sogn og Fjordane yppa seg mot storlag i cupen, var då Jotun i 1965 spelte uavgjort mot eliteserielaget Frigg i Oslo i andre runden, og fekk omkamp i Øvre Årdal. Der vann Frigg til slutt, men dei måtte slite for avansementet.

Fotballaget til Jotun i 1963

YPPA SEG: Dette biletet av Jotun-laget er frå 1963, men det var stort sett same spelarane som møtte Frigg i 1965.

Foto: utlånt av IL Jotun

Tilbake til Florø og Sogndal. I andre runde fekk Florø lett match mot 2. divisjonslaget Fana og vann 5–1 heime, medan Sogndal måtte slite før dei til slutt vann 2–0 borte mot Raufoss, også det eit 2. divisjonslag.

Begge laga har slite med mange skadde spelarar, men truleg får Florø spissen Endre Kupen klar igjen til cupkampen, men om han spelar frå start er enno litt uvisst.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy