NRK Meny
Normal

40 år sidan den største kampen

Den 24. oktober er det 40 år sidan Sogndal spela cupfinale mot Brann på Ullevaal. Men kanskje viktigare: Laget har vore ein del av norsk toppfotball sidan.

24. oktober er det 40 år sidan den legendariske cupfinalen mellom Sogndal og Brann.

40-ÅRSJUBILANTANE: Dei 11 som starta for Sogndal mot Brann 24. oktober 1976: Framme frå v: Knut Christiansen, Svein Bakke, Willy Ljøsne, Leon Hovland, Jon Navarsete, Gunnar Sigmar Håre. Bak frå v: Ingvar Stadheim, Johan Johannessen, Torodd Helle, Rolf Navarsete og Magdalon Sætre.

Eg hugsar sjølv godt hausten 1976. Eg var journalist i Bergens Arbeiderblad og fekk i oppgåve å dekke dette laget, som fort fekk tilnamnet Askeladden. Eg kjende ein del av spelarane i Sogndal frå min korte karriere som fotballspelar for Høyang og Tangen, og gjekk til oppgåva med ein god dose entusiasme.

Eg vart først send til Sogndal for å skrive om kvartfinalen mot Start. Samanlikna med dagens straumlineforma fotballarrangement på Fosshaugane Campus var det ei temmeleg kaotisk oppleving.

Med lastebilar som tribunar

For å få plass til alle dei fotballhungrige sogningane som strøymde til var det parkert lastebilar langs bana. Dei fungerte som tribunar. Rundt 6000 greidde Sogndal Idrettslag å få plass til.

Eg hugsar at det var ei fantastisk stemning, særleg etter at Svein Bakke banka inn det eine målet som gjorde at Sogndal vann 1–0 og slo Start ut av cupen.

På flyet tilbake til Bergen om kvelden sat eg ved sida av Svein Mathisen, den gongen ein svært profilert spelar på Start og landslaget. Han vedgjekk at han og lagkameratane var temmeleg sjokkerte over at eit 3. divisjonslag kunne slå dei, og han var storleg imponert over Svein Bakke.

Kjell Arvid Stølen og Jon Navarsete

40-ÅRSMIMRING: Jon Navarsete (t.h.) og Kjell Arvid Stølen, begge til stades på Ullevaal 24. oktober 1976.

Foto: NRK

Tre mål av Svein Bakke

Seinare fekk eg ta turen til Steinkjer og Gulbergaunet stadion for å rapportere frå semifinalen. Også det vart ei stor oppleving. Svein Bakke banka inn tre mål, og sogndølene kunne reise heim med 3-0-siger og finalebillett.

Jon Navarsete, midtstoppar på 1976-laget, seier at det var først etter denne kampen det gjekk opp for dei kva dei var med på.

– Det var litt kaotisk oppi hovudet. Det var nesten surrealistisk. Eg tenker på måla til Svein, særleg det andre og det tredje. Det var ingen andre enn han i Norge som scora slike mål på den tida.

Han hugsar og godt at Torodd Helle fekk ei flenge i panna i kampens hete.

– Bjørn Pedersen og Per Ingar Sviggum surra noko tape rundt hovudet hans, og så var det utpå bana att. Det første Torodd gjorde var å vinne ein duell, og så sende han ein lang ball opp til Svein, og pang, så var det 2–0.

Opprykkskampar før og etter semifinalen

Dette skjedde på ein onsdag. Helga før og helga etter spela Sogndal kvalifiseringskampar til 2. divisjon, som den gong var det nest øvste nivået i norsk fotball. Motstandar var Vigrestad. I den første kampen vart det 2-2, litt heldig, seier Jon Navarsete.

– Men heime hadde vi full kontroll og vann 3–0. Og det var hovudmålet vårt den hausten. Vi hadde tapt kvalifiseringa året før, og vi visste at vi var gode nok for opprykk. Så det var det godt å få avklart i god tid før cupfinalen.

Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø under cupfinalen i 1976

DEN STORE SPELAREN: Svein Bakke vart godt passa på av Brann-spelarane, men her har han vunne ein duell mot Egil Austbø.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Sogndal-reporteren på ståplass

For min eigen del vart det tur til Oslo og cupfinalen den 24. oktober. Men sidan det var Brann som var motstandaren til Sogndal, var det naturleg nok dei som hadde hovudfokus i Bergens Arbeiderblad.

Avisa sende tre journalistar til Ullevaal, to som skulle dekke Brann, og som fekk plass på pressetribunen. Eg, som skulle fokusere på Sogndal, fekk ein ståplass i ein sving.

Men der var det triveleg, eg hugsar eg stod saman med ein gjeng frå Valdres og som heia heilhjarta på Sogndal.

– Heile Norge i ryggen

For det var ikkje tvil om at Sogndal den hausten hadde spelt seg inn i hjarta til store delar av landet, kanskje særleg i det som folk i byane kallar distrikta. Jon Navarsete minnest at dei merka dette godt då dei kom til Oslo.

– Vi følte at vi hadde heile Norge, minus Bergen, i ryggen. I Oslo sentrum var det ei enorm stemning, det var raude og svart-kvite fargar å sjå overalt.

Ein skulle kanskje tru at ei slik ramme og med eit fullsett Ullevaal ville hemme sogndølene, men Navarsete seier at dei slett ikkje kom til Oslo med lua i handa.

– Nei, faktisk ikkje, vi var veldig godt førebudde. vi hadde møtt fleire topplag den hausten. Vi gjekk ut med offensiv innstilling, sjølv om all støyen gjorde det vanskeleg å kommunisere i starten. Vi gjekk på med krum nakke og hadde trua på at dette kunne gå.

Som dei fleste veit, enda det med Brann-siger 2–1. Brann leia 1–0 til det var att ni minutt. Då utlikna Knut Christiansen til 1–1. Men ein liten blunder i Sogndal-forsvaret gjorde at det meir rutinerte Brann-laget til slutt fekk 2–1 og kunne reise heim til Bergen utan å ha tapt ansikt.

Steinar Aase scorer mot Sogndal i cupfinalen 1976

BRANN BERGA ÆRA: Her set Steinar Aase inn 1–0 for Brann. Gunnar Sigmar Håre når ikkje fram for å hindre mål, og målvakt Leon Hovland ligg utspelt i blandinga av sagflis, gras og grus.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Tapte finalen, men vann kongeriket

Men Sogndal var Askeladden som trass i tapet vann kongeriket. Og i dei 40 åra som har gått har laget etablert seg som eitt av topplaga i Norge. 17 av sesongane har Sogndal vore i eliteserien, resten på det nest høgste nivået.

– Det er ein unik prestasjon. Det fortel noko om eit fotballmiljø som er sterkt og godt, og ikkje minst svært profesjonelt. Det er moro at det eg var med på å starte på 1970-talet er blitt til det det er no, det er ein flott tanke.

Til Oslo for å jubilere

Saman med dei fleste av spelarane på 1976-laget skal Jon Navarsete til Oslo på årets cupfinale for å feire 40-årsjubileet. Den kanskje viktigaste spelaren på laget, Svein Bakke, som døydde 16. desember i fjor, vil nok bli sakna der.

– Det var Svein som tok til å planlegge dette i fjor haust. Per Ingar Sviggum, Magdalon Sætre og eg har overteke og jobba litt med det. Det meste er i boks. Vi reiser nesten alle, vi skal bu på hotell, ha omvising på Ullevaal, og middag om kvelden.

På middagen er også NRK-veteran Arne Scheie med. Kampen mellom Brann og Sogndal var den første han kommenterte på TV.

– Han er like mykje i fyr og flame som oss. Det blir ei kjekk helg, seier Jon Navarsete.

Og det kan vere mange grunnar til å markere dette 40-årsminnet. For om fotball kanskje ikkje er av det aller viktigaste her i verda, så er det ikkje tvil om at det Sogndal har gjort på desse åra har gjort noko med sjølvkjensla til oss som bur i fjordfylket.

No tek også Florø steget opp i norsk toppfotball. Det betyr mykje for florøværingane, sjølv om det er som den kjende lokaljournalisten Knut Magnussen seier: sjølvtillit ikkje er mangelvare i byen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.