Hopp til innhold

Kor vart det av vinden på Noregs mest forblåste fyr?

Ingen plass i Noreg er det målt kraftigare vind enn på Kråkenes fyr. No bles det nesten ikkje. Kor vart det av vinden?

Kråkenes Fyr

STILLE FØR STORMEN: I haust har den sterkaste vinden uteblitt på Kråkenes fyr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Er det tilfeldig eller er det eit utslag av klimaendingar, spør Thomas Bickhardt, som tidlegare dreiv med «uvêrsturisme» på Kråkenes fyr.

På denne tida av året plar lågtrykka å stå i kø for å kome inn over Vestlandet. I år derimot, har det vore uvanleg stille. Særleg på Kråkenes fyr, som ligg nordvest i Sogn og Fjordane.

Bickhardt veit enno ikkje om han skal glede seg, eller vere uroa over vinden som forsvann.

I 25 år leide han ut rom til turistar som vil kjenne på naturkreftene

– Det var svært populært. Mange turistar hadde opplevd det meste. Då var det å kome ut hit og oppleve skikkeleg uvêr på nært hald noko heilt nytt.

Ingen plass i Noreg er det målt kraftigare vind enn på Kråkenes fyr. 29. januar 2016 vart det mål 48,9 meter i sekundet samanhengande i minst ti minutt.

Kråkenes fyr

UVÊRSTURISME: Thomas Bickhardt opplevde i si tid som turisvert på Kråkenes at bølgene knuste vindauge i fyrhuset.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den sterkaste vinden Bickhardt sjølv har opplevd på Kråkenes fyr var 64 meter i sekundet.

– Då snakkar vi om dobbel orkan styrke. Vindmålaren vår der ute brann faktisk opp ein gong, seier han.

Video: Reidar Nesje

Mot normalt

– Vi må heilt tilbake til 2002 for å finne mindre vind, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Han fortel om ein «merkbart roleg haust» på vindfronten.

– Eg trur kanskje vi kunne funne stadar med endå mindre vind dersom vi hadde sjekka andre stasjonar i fylket, seier han.

Epletre på Sandane

LITE VIND: På Sandane heng epla framleis på trea. På Twitter kan fotografen, Randi Ryssdal, fortelje at dei i november ikkje har hatt ein dag med vind over 10 meter i sekundet, eller frisk bris.

Foto: Randi Ryssdal

– Så det har vore vindstille på heile Vestlandet denne månaden?

– Ja, på Flesland har det ikkje vore ein einaste dag med vind over frisk bris i kasta. Heller ikkje på stasjonen på Sandøy har det vore registrert dagar med vind over 10 meter i sekundet, altså frisk bris i kasta, seier Fagerlid.

«Hør vindens harpe»

I år er det Sør- og Austlandet som har fått gleda av vinden og nedbøren som vanlegvis pleier å treffe Vestlandet.

Vindsituasjonen heng saman med at dei største lågtrykka i haust har gått inn over Mellom-Europa. Men ottefulle vestlendingar kan sove trygt, roar meteorologen, snar uler vinden kring husnovene igjen slik han skal gjere.

– Ja, no blir det snart storm ved Stad igjen, seier Fagerlid.

Elever på Kråkenes Fyr

MED VIND I HÅRET: Vanlegvis pleiar fyret på Kråkenes å vere eit ynda reisemål for turistar som ynskjer å kjenne på naturkreftene.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK