I framtida kan dronar løfte deg opp hit

FJÆRLAND (NRK): Ifølge klimaforskarar er det 80 år til dei fleste isbreane er vekke. Likevel trur reiselivet på ei framtid for breturismen.

Jon Brekke og Anna Nuszczynska

BØYABREEN I FJÆRLAND: Direktør for Norsk Bremuseum i Fjærland syner turist Anna Nuszczynska bresmeltinga på nært hald. Bøyabreen er ein av breane som er på veg til å forsvinne.

Foto: Lars Volldal

Nyleg varsla Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) at isbreane i Sør-Noreg vil smelte vekk innan 80 år. Smeltinga kan gjere aktivitetar på breen meir risikable. Fleire aktørar har allereie kutta i tilbodet innan brevandring.

– I framtida kan det bli naudsynt å få turistane opp i lufta for å oppleve isbreane, seier direktør Jon Brekke ved Norsk Bremuseum i Fjærland.

Bremuseet i Fjærland lever av breturisme. Sjølv om Brekke er overtydd om at forskarane ved NVE har rett, er han likevel ikkje bekymra for reiselivet.

– Me må tenke nytt, men håpar å kunne tilby spektakulære produkt sjølv når brearmane har smelta, seier Brekke.

Jon Brekke syner oss korleis naturen vil utvikle seg i takt med den globale oppvarminga

NATUR I ENDRING: Jon Brekke syner oss korleis naturen vil utvikle seg i takt med den globale oppvarminga.

Foto: Lars Volldal

Framtidas breturisme

Brekke ser ikkje vekk frå at turistane kan oppleve breane sjølv etter at brearmane har smelta.

– Ved hjelp av varmluftsballongar, lydlause dronar eller gondolbaner kan me ta med turistane over brearmane, meiner han.

Med dagens teknologiske utvikling trur ikkje museumsdirektøren slike løysingar er urealistisk.

Planlegg Norsk Bremuseum i Fjærland å satse på slike løysingar?

– Sjølv om me har opplevd ei sterk auke i talet turistar dei siste åra, er bremuseet ei non-profit-verksemd og har derfor ikkje økonomi til å gjere slike investeringar åleine.

Vår viktigaste attraksjon?

Isbreane har vore ein turistmagnet i over 130 år. Breane er eit av hovudemna i den første reiselivsboka om Noreg. Thomas Bennet's «Handbook of Norway» frå 1859 nemner ordet «bre» over 50 gonger.

Framleis er naturbaserte opplevingar våre viktigaste attraksjonar. I 2017 anslo SSB at om lag 7 prosent av arbeidsplassane i Noreg er direkte knytt til reiselivsnæringa. Ferske tal viser at «ferie og fritid » står for nær 90 prosent av hotellovernattingane i Sogn og Fjordane. Korleis førebur reiselivet seg på livet utan ein av hovudattraksjonane?

Turistar ved Supphellebreen før 1920

LANG TRADISJON: Turisme har vore ei viktig næring for bygdene omkring Jotunheimen i over hundre år.

Støtte frå reiselivet

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord er positiv til Brekke sine idear. Sjølv om vandringa er ei unik oppleving, trur han opplevingar frå lufta kan bli ei populær erstatning.

– Det er absolutt spanande og ikkje urealistisk. Varmluftsballongar er lydlause og miljøvennlege alternativ som allereie er i bruk i andre land. Me er allereie i gang med ein ny reiselivsplan for Sogn og Fjordane som skal vera ferdig neste sumar.

Vil de ta med dykk Brekke sine forslag i arbeidet med planen?

– Me vil invitere relevante aktørar til å tenke kreativt og bidra til å etablere nye produkt som kan kompensere for endringane som følge av den globale oppvarminga, seier Brandshaug.