Hopp til innhold

Ein vemodig dag

BYRKJELO (NRK): Etter over 20 år med tapping av mjølk på TINE Meierier Byrkjelo, stenger dei i dag kranane. To år med omlegging og uvisse er snart over.

Tapping av skumma mjølk på meieri

DEI SISTE KARTONGANE: Dette er dei siste kartongane med skumma mjølk som vert tappa ved meieriet på Byrkjelo.

Foto: Silje Guddal / NRK

Om lag 200 millionar liter mjølk har blitt tappa på anlegget på Byrkjelo sidan starten i 1996. Når NRK besøkjer meieriet går dei siste kartongane med skumma mjølk gjennom tappemaskina.

– Det vert sjølvsagt spesielt, for vi har jo halde på i 20 år. Vi synest no det er kjekt å tappe mjølk. Vi kunne ha tenkt oss å fortsette med det, men no vart det ikkje slik, seier produksjonssjef John Krøke.

Det er gått to år sidan konsernstyret i TINE gjorde vedtaket om å legge ned mjølketappinga.

– Vi merkar at dei som jobbar på tapperiet er spente på kva framtida kjem med, seier Krøke.

John Krøke

SKAL STENGE KRANANE: Produksjonssjef John Krøke kunne tenkt seg å fortsette med tapping av mjølk. – Det er ikkje artig med slike omstillingar, for det skjer jo ganske ofte, men TINE må vere med å konkurrere, seier han.

Foto: Silje Guddal / nrk

Nedbemanning og omlegging

25 tilsette ved meieriet på Byrkjelo vert råka av nedlegginga, 15 årsverk forsvinn. Meierisjef Thorkild Heieren vedgår at det er ein vemodig dag.

– Det vert ei nedbemanning på 15 årsverk, men vi håpar å unngå oppseiingar, mellom anna ved bruk av tidleg avgang, seier meierisjef Thorkild Heieren.

Frå no av vil konsummjølka bli køyrd til butikkar i Sogn og Fjordane frå Bergen og Ålesund.

– Vert det ikkje meir bilkøyring når mjølka skal bli frakta frå Bergen, og brunosten skal distribuerast frå Byrkjelo til heile landet?

– Sjølvsagt er transport ein del av biletet, men allereie i dag hentar vi mjølk frå Nordhordland til osteproduksjon og konsumproduksjon her i fylket. Når det gjeld ferdigprodukt vil det bli noko meir transport, seier Heieren.

Jeffrey Thomas

TENKJER PÅ KOLLEGAENE: Tillitsvald Jeffrey Thomas har omtanke for kollegaene i Hardanger som opplever at meieriet vert lagt ned.

Foto: Silje Guddal / NRK

Brunost til heile landet

Når tappemaskina vert slått av i dag, startar eit omfattande arbeid med å installere nye maskiner for produksjon av brunost, til 50 millionar kroner. Omlegginga i TINE omfattar fleire meieri.

I Ørsta skal meieriet ta over produksjonen av kremost, samstundes vert det bygt eit nytt, stort meieri i Bergen. Meieriet i Øystese i Hardanger vert lagt ned.

– Vi på Byrkjelo føler oss veldig heldige. Som tillitsvald tenkjer eg veldig mykje på kollegaene i Hardanger. Meieriet der vert lagt ned, og det er trist, seier tillitsvald Jeffrey Thomas i Norske Meierifolks Landsforening.

Stenging av kranane vert markert med eit allmøte.

–​ Vert det gravøl eller kake for å markere endringa?

– Ja, takk, begge deler. Sjølvsagt ein vemodig og trist dag, men samstundes skal vi doble brunostproduksjonen, og Byrkjelo vert eit satsingsanlegg. Vi ser framover, seier Thomas.