Hopp til innhold

Hamstring og karantene gir doble skift på meieria og slakteria

Fabrikkane produserer langt meir mat til daglegvarebutikkane enn vanleg. Strengare reglar på fabrikken skal hindre at smitte set arbeidarane i karantene.

Nortura sitt slakteri i Førde

TRAVLE DAGAR: Dei tilsette ved Nortura-anlegget i Førde har travle dagar.

Foto: EMILY LOUISA MILLAN EIDE / NRK

– Det er fullt trøkk hjå oss. Vi produserer godt over normalen, seier Eivind Fonn, fabrikksjef ved Nortura sitt slakteri i Førde.

Førre veke var etterspurnaden frå daglegvarehandelen og netthandelen 11 prosent større enn normalt hjå Nortura, Noregs største kjøtkonsern.

I starten av mars, før koronakrisa, melde Nortura at dei vurderte kutt i talet på tilsette på fleire fabrikkar. No er situasjonen snudd på hovudet.

– Fabrikkane går for fullt og vi set på ekstra skift der vi må. Vi køyrer mellom anna full produksjon med utvida driftstid også i helgane, seier Eskil Pedersen, assisterande kommunikasjonsdirektør i Nortura.

Meir ost

Kjøtvarer som kan frysast og som held seg lenge er ekstra populære. Det same er produktkategoriar som kjøtdeig, pålegg, pølser og posteiar.

Det er ikkje berre på kjøtfabrikken at det er travle dagar. Også på meieria blir det produsert langt meir.

Ved Tine sitt osteanlegg på Byrkjelo i Vestland jobbar det vanlegvis to skift. No er etterspurnaden så stor at dei har gått over til tre skift.

Fabrikken produserer 75 tonn Norvegia om dagen, mot normalt 50 tonn.

John Krøke

FULL FART: Fabrikksjef John Krøke har sett inn eit ekstra skift fort å kunne produsere nok Norvegia-ost-

Foto: Tine / Tine

Dobbelt så mange varer

Det er i tillegg langt større etterspurnad etter smør og andre typar ost, noko dei merkar ved Tine sine anlegg på Heimdal og Klepp.

– Maken til etterspurnad har eg aldri vore borti, seier fabrikksjef John Krøke

Etterspurnaden gir ringverknader for transportbransjen. Thor Tenden Transport i Stryn har til vanleg 35 vogntog, men har leigd inn endå fleire for å klare alle oppdraga.

– Situasjonen for oss er like travel som før jul og før påske. Vi fraktar dobbelt så mykje kjøtvarer som normalt. Også når det gjeld søppel og slakteavfall er det mykje meir enn normalt, seier Rolf Olav Tenden.

Rolf Olav Tenden

MYKJE å GJERE: Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport fortel om svært mange transportoppdrag.

Foto: Bård Siem / NRK

Strengare reglar

Både transportselskapet og fabrikkane har innført strengare reglar for å hindre smitte. Og for å hindre at tilsette må i karantene og ikkje kan jobba no som marknaden verkeleg krev det.

Nortura-fabrikkane skal ikkje ta imot eksternt besøk med mindre det er forretnings- eller driftskritisk.

– Vi har styrka våre allereie strenge hygienerutinar og reinhaldet på fabrikkane. Det er kontinuerleg reinhald av alle berøringspunkt, seier Eskil Pedersen.

Kritiske funksjonar står ikkje på same skift.

– Skulle det bli utfordringar på enkelte anlegg med at mange tilsette blir sjuke, så har vi høve til å flytte produksjon over til andre anlegg, seier Pedersen.

Også i Tine må dei tilsette vere ekstremt påpasselege med hygienetiltak før dei slepp inn på jobb.

– Det vil kunne bety krise dersom vi får smitte i arbeidsstokken. I verste fall kan ein risikere at heile anlegget må stengast, seier fabrikksjef Krøke.