Hopp til innhold

Etterlyser distriktsopprør mot Tine-kutt

Kvar vart det av distriktsopprøret då Tine varsla at dei kuttar 20 arbeidsplassar på Byrkjelo? Spørsmålet kjem frå Venstre-politikar Gunvald Ludvigsen.

Gunvald Ludvigsen (V)

DISTRIKTSOPPRØR: Gunvald Ludvigsen i Venstre etterlyser eit distriktsopprør mot Tine sine kutt ved meieriet på Byrkjelo.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ei rekkje sentraliseringsprosessar i Sogn og Fjordane har blitt kraftig kritiserte av lokalpolitikarar. Nedlegginga av politidistriktet, uroa knytt til framtida for Alarmsentralen og nedlegginga av distriktskontoret til Redningsselskapa er blant døma.

Men då landbrukssamvirket Tine kutta distriktsarbeidsplassar vart det påfallande stille, meiner Gunvald Ludvigsen. I Fjordabladet stilte han spørsmål ved kor det vart av misnøgde og engasjerte politikarar.

– Vi er jo veldig opptekne av distriktsarbeidsplassar, og å sikre dei. Når det skjer ein såpass stor reduksjon hos Tine, så sat eg og venta på at nokon skulle reagere. Men det vart øyredøyvande stille. Det forundrar meg, seier Ludvigsen til NRK.no.

– Eg beklagar det, men...

Tysdag ettermiddag fekk han stille spørsmålet direkte til fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet. Ho meiner ein må skilje mellom beredskap og forretningsdrift.

– Det er stor skilnad på dei som driv med beredskap, som politi, Alarmsentral og Redningsselskapet, og dei som driv med forretningsverksemd som Tine, seier Følling og held fram.

– Vi må vere forsiktige med å blande oss inn i dei forretningsmessige disposisjonane til Tine, men eg beklagar at dei no vel å redusere talet arbeidsplassar, seier Følling.

Det var sist veke at Tine meieri melde at dei har bestemt seg for å leggje ned all produksjon av konsummjølk ved anlegget på Byrkjelo. Det er i dag 160 årsverk på Byrkjelo, 20 av desse forsvinn.

Jenny Følling

MÅ SKILJE: Fylkesordførar Jenny Følling er klar på at ein ikkje kan blande seg i forretningsdrifta til Tine.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi treng ein debatt

Ludvigsen seier han forstår argumentasjonen frå Følling om at det er skilnad på beredskap og forretningsdrift.

– Men dette er ein av dei store og viktige aktørane, og det er også noko som heiter at dei har eit samfunnsansvar, seier Ludvigsen.

– Vi treng ein debatt om det å fase ut distriktsarbeidsplassar. Det har det vore lite av, seier Ludvigsen som meiner politikarane må tore å stille spørsmål også ved avgjerdene til privateige aktørar.

Vil heller leggje til rette for osten

Følling på si side meiner det politikarane no kan gjere er å leggje til rette for å skape fleire arbeidsplassar på Tine Byrkjelo. Ho viser til at anlegget er peika ut til å vere eit satsingsområde for produksjon av kvitost og brunost.

–Det viktigaste er at vi greier å skaffe råvarer til meieria våre, og då må vi ha eit landbruk i Sogn og Fjordane som produserer mjølk.

– Ein tapte gjerne dette slaget, men vi kan vinne det neste, om osteproduksjonen. Eg beklagar det som har skjedd, men det er ikkje vi som politikarar som styrer Tine, det er medlemmane og styret, seier Følling.