Bøndene som har samla seg på Sandane i Gloppen er tydeleg provoserte over staten etter årets jordbruksforhandlingar. I dag starta bønder landet rundt med aksjonar for å vise si misnøye.
Langs E39 køyrde bøndene i kolonne for å få politikarane og folket si merksemd.
– Vi prøvde i år å ta tre traktorar og køyrde ut på kvar busslomme for å sleppe bilar forbi. Slik prøvde vi å skape minst mogleg frustrasjon og irritasjon for bilistane, seier Myklebust.
– Men de er også med på aksjonar som kan råke vanlege folk?
– Det er nødvendigvis slik at når ein har aksjonar, så vil ein tredje part bli råka, vedgår Myklebust.
– Forbrukarane er våre allierte
Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, var også med på aksjonen i heimkommunen Gloppen torsdag. Han er tydeleg på at dei prøvar å lage minst mogleg heft for folk flest.
– Forbrukarane er våre viktigaste allierte, så det kjem ikkje til å gå veldig hardt utover folk flest, sa Felde til NRK.no tidleg torsdag morgon.
– Regjeringa ønskjer at inntektsutviklinga vår skal målast i prosent og ikkje i kroner. Då blir landbruket taparane i høve andre grupper. Det finn vi oss ikkje i, dersom vi skal halde fram å produsere maten til det norske folk.
Tysdag ettermiddag vart det brot i forhandlingane mellom staten og Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag.
Når 17. mai no er over er bøndene klare for aksjonar.
– Vi rustar sjølvsagt til kamp. Vi skal vise kvifor vi ikkje greidde å bli samde med staten, seier bondelagsleiaren i landbruksfylket Sogn og Fjordane.
– Skuffa og irriterte
Bonde Arild Herstad i Naustdal er blant dei som ikkje er overraska over brotet i forhandlingane. Like før jordbruksforhandlingane starta, kom stortingsfleirtalet med ei landbruksmelding der det vart signalisert at ein ønskte å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre samfunnsgrupper.
– Eg synest tilbodet var dårleg rett og slett. Ut frå det Stortinget sa om at dei skulle tette inntektsgapet, så hadde eg venta meir.
– Korleis er stemninga blant bøndene?
– Eg trur bøndene er skuffa og irriterte. Eg forventar at Stortinget seier litt om korleis dei vil inntektsutviklinga skal vere.
– Er du klar for å aksjonere?
– Det må vi vere om vi meiner noko med det. Så eg er klar.
- Les også:
Har strekt seg langt
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner regjeringa har strekt seg langt for å få til ein avtale.
– Det er ikkje det faktum at vi ikkje ønskjer å gje inntektsvekst til bøndene som er grunnen til brotet. Men ei ansvarleg norsk regjering kan ikkje gå vekk frå moderasjonslinja i ei vanskeleg tid.
Traktorkolonne på E39
Anders Felde seier det i Sogn og Fjordane blir aksjonar fleire stader torsdag. Klokka 10 går ei traktorkolonne på E39 frå Breim i Gloppen i retning Sandane. I Stryn er det planar om ei stor markering, medan bøndene rundt Førde samlast klokka 15.
– Det skjer mykje i løpet av dagen. I dei fleste tilfella vil vi samarbeide greitt med publikum, så det skal ikkje bli store problem eller heft i trafikken i løpet av dagen.
Tidlegare har
I morgon blir det ein større landsomfattande aksjon, men den vil ikkje Felde røpe noko om no.
– Har erfaringane med aksjonar vist at det hjelper på noko måte?
– Det spesielle i år er at ein har vedteke ei stortingsmelding som seier at ein vil tette inntektsgapet, men så leverer ikkje regjeringa. Difor har vi store håp om at dette faktisk skal bli overprøvd i Stortinget.