Hopp til innhold

I dag skal Distad i elden på direkten

Han er ordførar i Aurland og fylkes-Høgre sin fremste kandidat til å bli fylkesordførar. I ettermiddag kan du sjå og høyre Noralv Distad bli spurt ut på direkten.

utspørjing av Noralv Distad, toppkandidat for Høgre i Sogn og Fjordane ved Erlend Blaalid Oldeide.

Noralv Distad er førstekandidat for Sogn og Fjordane Høgre. Kva er dei viktige sakene for partiet?

Utspørjinga kan du følgje direkte i P1, nettradio eller nett-TV frå klokka 16 til 16.30 måndag.

Vi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til ein eller fleire av kandidatane:

  • Du kan bruke Facebook, Twitter eller Instagram

  • Bruk emneknaggane #nrksf, #nrkvalg og #nrkval

  • Send oss ein SMS med kodeord SF til 1987

  • Send oss ein epost til sf@nrk.no