Hopp til innhold

Det beste frå debatten i Sogndal

I dag var det duka for den store miljødebatten i valkampen. Staden var høgskulen i Sogndal. Under kan du lese nokre sitata frå debatten om. Du kan også høyre heile debatten.

Miljødebatt

KLIMADEBATT: Tysdag møttest kommune- og fylkespolitikarar til debatt om klima og miljøspørsmål

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

– Skal du få levere dei tenestene så må dei vere miljøvenlege. Trude Brosvik (KrF) om framtidige leverandørar til fylket

– Vi kan køyre el-ferje på Sognefjorden i 100 år for den summen. Stein Malkenes (MDG) om 10 milliardar til Hemsedalstunnel.

Frank Willy Djuvik (Frp) på klimadebatt: – Eg trur nok det er ingen tvil om at menneskeleg aktivitet påverkar

–Det bidraget norsk industri gjev til klima er så stort at folk ikkje forstår det. Hilmar Høl (Ap).

– Eg er stolt over at vi har ei regjering som etter så mange år skar gjennom. Noralv Distad (H) om fjorddeponi i Førdefjorden.

– Engebø er i beste fall heilt prematurt. Jordmor og Venstre-politikar Marianne Øren om #fjorddeponi #nrkvalg #nrksf

– Her er det gjort eit vedtak, det må vi innordne oss etter. Karen Marie Hjelmeseter (Sp) om #fjorddeponi #nrkvalg #nrksf

– Dei som prøver å kjøpe veljarar med denne saka, tek skammeleg feil. Frank Willy Djuvik (Frp) om V, SV og MDG og #fjorddeponi

Laster Twitter-innhold

– Eg lurer på kva planet han er på. No må du vakne opp. Hilmar Høl (Ap) til Stein Malkenes (MDG)

– Dei har ein bra klimadebattant i Sogn og Fjordane. Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis om Frank Willy Djuvik frå Frp.

Deltakarane i debatten er kommune- og fylkespolitikarar som vil vera dei siste som kan bidra til at Norge når utsleppsmåla sine for 2020:

  • Frank Willy Djuvik, fyrstekandidat til Fylkestinget og ordførarkandidat i Flora (Frp)
  • Noralv Distad, fyrstekandidat til Fylkestinget og ordførar i Aurland (H)
  • Hilmar Høl, fylkesleiar (Ap)
  • Karen Marie Hjelmeseter, fylkesleiar (Sp)
  • Trude Brosvik, fyrstekandidat til Fylkestinget (KrF)
  • Marianne Øren, andrekandidat til Fylkestinget (V)
  • Jakob Andre Sandal, fyrstekandidat til Fylkestinget (SV)
  • Stein Malkenes, fylkestopp (Miljøpartiet dei grøne)