«Om Venstre får over 50 prosent så tek eg ordførarstolen»
Ein noko urealistisk Gunhild Berge Stang (V)
«Eit knefall er ikkje så bra for knea»
Gunhild Berge Stang (V) om politisk ortopedi
«Eg meiner det er naturleg at det største partiet får fylkesordføraren»
Jakob Andre Sandal (SV) om storleikar i politikken
«Vi jaktar ikkje posisjonar, vi jaktar politiske løysingar»
Noralv Distad (H) om fylkesordførarambisjonane sine
«Eg syns ikkje det er greitt at ein omtalar menneske på flukt på den måten i det heile»
Frank Willy Djuvik (Frp) om at partikollega omtala flyktningar som ein invasjonshær
«Dette kjem til å krevje mykje av oss. Vi har ikkje lov å la vere å bry oss»
Åshild Kjelsnes (Ap) om flyktningkrisa
«Eg synest det er positivt når kommunar som Luster tek imot tre gonger så mange som planlagt»
Jenny Følling (Sp) om flyktningkrisa
«Vi har eit personleg ansvar og kommunane har eit ansvar»
Trude Brosvik (KrF) om flyktningkrisa