Hopp til innhold

Sju høgdepunkt frå SV-utspørjinga

Førstekandidat for SV, Jakob Andre Sandal, er ein habil mellomdistanseløpar. No vil han prøve å springe heile vegen inn til fylkestinget. Sjå heile utspørjinga av Sandal her.

Jakob Andre Sandal frå Sogn og Fjordane SV vert spurd ut av reporter Erlend Blaalid Oldeide

BLEI GRILLA: Erlend Blaalid Oldeide (t.v.) hadde i dag besøk av Jakob Andre Sandal frå SV i valstudio.

Vallogo

«Det var naturleg med eit skifte no, og eg er klar»

Om at alle veteranane er ute av SV-lista

«Eg respekter at andre seier at dei vil bruke sivil ulydnad»

Om at andre SVarar vil lenke seg mot fjorddeponi i Førdefjorden, det vil ikkje Sandal

«Det er fordi vi kombinerer dei raude og det grøne perspektivet i politikken»

Om skilnaden på SV og Miljøpartiet dei grøne

«Eg er ikkje den mest brautande på talarstolen, men eg er ein samfunnsengasjert jølstring»

Om korleis det blir å hamne på fylkestinget

«Det er betre å utsetje vegprosjekt enn å leggje ned ein skule»

Om kutt i fylkeskommunen sin økonomi

«Eg meiner det vil vere feil å gå ut å seie at her kuttar vi»

Om at SV ikkje har nokon kuttforslag i valprogrammet

«Vi får ikkje til klimatiltak og omstilling utan at vi klarer å trekke med folk»

Om SV sin miljøpolitikk