Hopp til innhold

Hovland står over mot Tromsø - har vondt i rumpa

Sogndal-spelar Even Hovland har vore ute med skade i to veker. Han står over mot Tromsø i helga på grunn av ein skade i rumpa.

Sogndal-spelar Even Hovland

RUMPE-SKADD: På grunn skade i rumpa, står Even Hovland over kampen mot Tromsø søndag.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg har vondt inne i rumpa. Det er ein muskel som har fått seg ein trøkk der inne, men smerten har eg fått i lysken, seier Even Hovland til NRK.no.

– Eg må ha ro

Even Hovland

Even Hovland

Foto: NRK

– Eg blir nok sitjande på tribuna på søndag, seier Høvland.

– Ikkje på benken altså?

– Nei, det tvilar eg sterkt på, sjølv om eg har testa litt på trening i dag, svarar han.

Den viktige Sogndal-spelaren har sterke smerter, og måtte i dag stå over den siste fellesøkta før helga.

– På MR-bilete fann legane ut at eg har fått ein strekk i ein muskel inne i rumpa. Eg må ha ro, slik at det blir bra igjen, seier Hovland.

Trenar Harald Aabrekk må no finne ein ny midtstoppar for å stoppe Tromsø sin Sigurd Rushfelt.

Speler truleg mot Ålesund

Hovland håpar han kjem seg tilbake i full trening neste veke. Sjølv trur han at han er klar til kampen mot Ålesund neste helg.

– Eg har ikkje trent på to veker, og det set sine spor det også sjølv om vi har hatt ei lang oppkøyring, seier han.