Hopp til innhold

Sogndal nøgde med Steenslid-sal

No får dei ha Even Hovland i fred for Ole Gunnar Solskjær.

Børre Steenslid i kmap med Thorstein Helstad, Brann. Arkivfoto.
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Torsdag kveld skreiv den tidlegare Sogndal-spelaren Børre Steenslid under for Molde. Den 26 år gamle midstopparen frå Skavøypollen vart først aktuell for Molde etter at dei hadde gjort ei rekke forsøk på å hente Even Hovland frå Sogndal.

Valde annan midstoppar


Sogndal har gjort det klart at dei ikkje vil selje Hovland, og med Steenslid sin overgang tyder det meste på at dei får viljen sin i og med at dei to speler i same posisjon.


- Dette ynskjer me ikkje å kommentere meir. Me og Even må no halda fokus på forsesongen, seier dagleg leiar i Sogndal, Egil B. Mundal.

Tidlegare har Songdal reagert på at Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær personleg tok kontakt med Hovland.

Tener ikkje pengar


Då Sogndal selde Steenslid til Viking i 2007 sikra dei seg også ein prosentdel av eit eventuelt vidaresal. Det vil dei neppe få, ettersom ein slik avtale ikkje trer i kraft før vidaresalet overgår summen Viking kjøpte han for.


Viking betalte i underkant av seks millionar kroner då dei kjøpte Steenslid frå Sogndal, og mykje tyder på at Molde betaler mindre enn det.