NRK Meny
Normal

Høgskulen i Sogn og Fjordane er splitta i synet på framtida

Styret har stått fast på å unngå samanslåing, trass i sterk oppmoding frå Kunnskapsdepartementet om nettopp det. Onsdag gjekk avdeling for helsefag ut og sa dei ønskjer samanslåing.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

ÅLEINE ER ELLER SAMAN MED ANDRE?: Høgskulen i Sogn og Fjordane er splitta i synet på framtida.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Torsdag kom ingeniørutdanninga i Førde på bana og meiner det er viktig at styret for Høgskulen har ein plan B.

– Eg synest gjerne at styret kan gjere det, seier Eli Nummedal, som er programansvarleg for ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Diskusjonen går no høgt om Høgskulen i Sogn og Fjordane bør stå åleine eller slå seg saman med andre høgskular.

Styret har sagt at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal stå på eigne bein også i framtida, men onsdag gjekk avdeling for helsefag ut og sa at dei ynskjer samanslåing og eit sterkare fagmiljø.

Heller ikkje ved ingeniørutdanninga ser dei på samanslåing som noko trugsel.

Eli Nummedal

IKKJE REDD SAMANSLÅING: Eli Nummedal er programansvarleg for ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Der er både Møre og Romsdal og Hordaland naturlege samarbeidspartnarar.

Nummedal syner til at dei no samarbeider med Høgskulen i Bergen om å starte opp eit studium i Førde.

– Studiet er basert på ting som ein allereie har i Bergen og som det difor er godt grunnlag for. Vi har eit godt samarbeid på ulike nivå, også med høgskulen i Ålesund.

Åtvarar mot å låse seg til berre ein plan

– Det vil nok vere svært dumt av styret å ikkje ha ein plan B. Vi kjem nok til å få eit landskap av universitet og høgskular framover som vil vere ganske annleis enn det vi har no, seier Bjørn Haugstad (H), som er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Bjørn Haugstad

HAR RIS BAK SPEGELEN: Bjørn Haugstad er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Departementet har sett i gang ein større gjennomgang av strukturen av høgskular og universitet. Haugstad seier dei tek utgangspunkt i fleire evalueringar som har kome opp gjennom åra og som peikar på små og fragmenterte fagmiljø som eit vesentleg hinder for høgare kvalitet både i studietilbod og i forskinga.

– Dersom vi skal møte framtidas utfordringar for eksempel innanfor profesjonsutdanningane, lærar, ingeniør, og sjukepleiar så treng vi sterkare institusjonar og sterkare fagmiljø.

Riset bak spegelen

Tidlegare i haust sa styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eit klart nei til å slå seg saman med Høgskolen i Bergen.

Styreleiar Heidi-Kathrin Osland sa den gong at ho hadde forståing for at Høgskolen i Bergen ynskte og ha dei med, men var samstundes klar på at
Høgskulen i Sogn og Fjordane var sterke på mange område.

– Vi har eit utruleg godt samarbeid i regionen. Det ønsker vi å halde fast på, for det er så verdifullt for oss. Vi er gode på å samhandle med kommunane og næringslivet. Det er feil å skusle bort dette med å bli ein del av noko mykje større som er styrt frå Bergen, sa Osland den gong.

I departementet har dei eit ris bak spegelen for dei som stretar i mot.

– Vi har eit ansvar for heilskapen og min sjef har heile vegen sagt at dersom vi må, så kjem vi ikkje til å vike frå det å ta avgjerder på tvers av det eit lokalt høgskulestyre ynskjer seg, seier Haugstad.

Vil ha ei hand på rattet

Ved ingeniørutdanninga i Førde er Nummedal oppteken av at Høgskulen må vere med å forhandle og ikkje sette seg på sidelina.

– Akkurat korleis ein skal ta tak i det, det veit eg ikkje, men eg syns at ein bør inn å vere meir frampå.

– Kvifor kjem de med dette no i forkant av møtet med Kunnskapsdepartementet neste veke?

– Grunnen til at vi ytrar oss no er jo den diskusjonen som pågår, og når vi blir spurde om kva vi meiner, så tykkjer vi absolutt at det er verdt å fortelje at vi samarbeider godt, og at vi ikkje er redde for noko samanslåing med høgskulen i Bergen til dømes.

– Onsdag gjekk Helsefag ut og tok til orde for samanslåing, no ingeniørutdanninga i Førde. Kan det bli ein diskusjon mellom Førde og Sogndal dette?

– Det trur eg ikkje, vi er ein høgskule og vil ha det felleskapet uansett kva som skjer vidare.

Styreleiar Heidi Katrin Osland ynskte torsdag ikkje å kommentere saka før etter styremøtet på tysdag


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.