Hopp til innhold

Ho er med på å halde liv i lokallistene

Ved årets val var dei lokale listene i dagens Hordaland halvert og i Sogn og Fjordane nærast utradert. Men i Gloppen held Gunnvor Sunde og Samfunnsdemokratane stand.

Gunnvor Sunde, Samfunnsdemokratane

HELD STAND: Gunnvor Sunde og Samfunnsdemokratane var einaste lokalliste som stilte til val i dagens Sogn og Fjordane. Også i Hordaland var det tilbakegang for dei lokale listene.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Med 4,4 prosent av røystene i Gloppen, vankar det eit mandat til Samfunnsdemokratane. Ein tilbakegang frå førre val, då partiet fekk 7,1 prosent oppslutnad.

– Eg skulle sjølvsagt ønskje det hadde gått betre. Når det er sagt så var det jo andre som datt ut av kommunestyret, så me lyt vere nøgd med at me er representert, seier ho.

Etter over 20 år som medlem i Arbeidarpartiet melde ho seg ut i protest i 2010, og lukkast med å stifte sitt eige parti.

Ved førre kommuneval var det fem slike lokale lister i Sogn og Fjordane. I år var Samfunnsdemokratane aleine i dagens Sogn og Fjordane. Ikkje ein umiddelbart logisk tendens, meiner valforskar Yngve Flo.

– Bygdelistene har forsvunne i kommunar som har blitt slått saman, fortel Flo.

  • Sjå resultatet frå Gloppen her

Opptekne av brei representasjon

Også i kommunane i dagens Hordaland har det vorte færre slike lister, talet er halvert frå 12 ved førre kommuneval til seks i årets val.

Valforskaren seier det kan vere at dei lokale interessene har blitt tekne opp av partivesenet i kommunane. Med fleire samanslåingar, trur Flo mange parti har blitt meir opptekne av å sikre brei representasjon.

– Ein blitt meir oppteken av å sikre representasjon frå alle bygdelag, nettopp for å appellere til alle innbyggjarar og bidra til å byggje den nye kommunen, seier Flo.

– Så kanskje har noko av behovet for å ha bygdelister i desse kommunane, forsvunne.

– Kva funksjon har bygdelistene hatt?

– Det handlar ofte om å vere eit vaktbikkje for lokalsamfunnet. Om ein har skule eller annan kommunale infrastruktur som er utsett eller har ønske ein vil ha innfridd, har ein representantar som arbeider for dette.

Ikkje ein tendens i resten av landet

Forskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda seier nedgangen for dei lokale listene i Vestland ikkje er typisk for resten av landet.

– Det var i underkant av 150 lokale lister ved valet i år, Det er omtrent på same nivå som ved førre kommuneval, seier Folkestad.

Bjarte Folkestad

UTYPISK: Forskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner at nedgangen i dei lokale listene ikkje samsvarar med resten av landet.

Foto: Trond Vestre

Han er spent på korleis kommunereforma vil påverke talet lokale lister framover.

– Om den vil generere fleire lokale lister, har vi ikkje svar på enno. Det kan skje på sikt, seier Folkestad.

Vil halde fram

Sunde stilte sjølv på topp for Samfunnsdemokratane ved årets val. Partiet går no mot sin tredje periode i Gloppen kommunestyre. Forklaringa på at partiet har greidd seg i konkurranse med dei etablerte partia i Gloppen, meiner ho mellom anna er kampen dei kjempar mot sentralisering.

– Me har mange som støttar oss der. I likskap med andre lokale parti så trur eg me er den gruppa som har vore tydelegast i opposisjon den siste perioden.

Ho seier at sjølv om dette valet ikkje gjekk som dei håpte på, så er målet vil den politiske kampen halde fram inn mot valet i 2023 også.

– Me har sikra oss ei ny fireårsperiode og me jobbar aktivt så det er planen, ja.