Hopp til innhold

Stiller til val med nytt parti

Ap-utbrytaren Gunnvor Sunde har fått underskriftene ho treng. No stiller ho til val til fylkestinget.

Gunnvor Sunde

HØGSTEMT: Gunnvor Sunde er glad for dei 500 underskriftene som gjer at ho kan stille til val som toppkandidat for Samfunnsdemokratane.

Foto: NRK

Gunnvor Sunde braut ut av Arbeidarpartiet før jul i fjor. No er veteranen klar med eit politisk alternativ til årets val.

Historisk

Ho trengte minst 500 underskrifter for å kunne stille liste til årets fylkestingsval. Det greide ho knappe to dagar før fristen gjekk ut. Onsdag føremiddag leverte ho underskriftene til Fylkesmannen.

– Eg blir litt høgtideleg. Det byrjar å gå opp for oss at vi held på med noko historisk. Det er ikkje kvar dag det blir stifta eit nytt parti, seier Gunnvor Sunde til NRK.

Professor Frank Aarebrot gjev protestlista til Sunde gode sjansar til valet. For mange raudgrøne veljarar er provoserte over politikken til regjeringa.

– Det som gjer at vi stiller liste til fylkestinget, er at vi vil vere ei overbygning for alternative kommunelister. Eit tilbod til dei som ikkje vil røyste på nokon av dei eksisterande partia.

Ho sit no som uavhengig representant på fylkestinget, og i fylkesutvalet.

Nordfjord-liste

– Har det vore vanskeleg å få tak i nok folk til å fylle lista di?

– Nei, eigentleg ikkje. Men eg kunne godt tenkt meg fleire frå andre stadar i fylket. For vi har snakka om at vi skal representere heile fylket. Og det skal vi gjere om vi kjem inn.

Lista har nemleg berre namn frå kommunane Selje, Vågsøy og Gloppen.

– Kor mange trur du kjem inn?

– Det er vanskeleg å tippe. Vi ønskjer sjølvsagt flest mogleg.

– Det er mange som ikkje nøgde med den politikken som blir ført, med sentralisering og byråkratisering, seier Sunde.

Her er fylkestingslista til Samfunnsdemokratane:

  • Gunnvor Sunde, Gloppen
  • Terje Ødegård, Selje
  • Sverre Solibakke, Vågsøy
  • Jan Arve Søvde, Gloppen
  • Randi Honningsvåg, Gloppen
  • Judit Kvåle, Selje
  • Einar O. Midtbø, Vågsøy
  • Oddrun Midtkandal, Gloppen
  • Kurt Hjelle, Gloppen