Hopp til innhold

Ho brukar heller Tekst-TV enn smarttelefonen

NRK Tekst-TV fyller 35 år. Trass i nyare teknologi som smarttelefonar og nettbrett, er det nokon som framleis er svorne tilhengarar av Tekst-TV.

Marie Tufte Kvisgaard er ein trufast brukar av Tekst-TV

VERDSET TEKST-TV: Tekst-TV er ein enkel, behageleg og rask måte å halde seg orientert på. På Tekst-TV får Marie Tufte Kvisgaard eit godt overblikk over kva som har skjedd i verda.

Foto: Tinius Tufte Kvisgaard / Privat

– Eg blir så lei av at telefonen skal brukast til alt. Nokre gongar er det godt å legge han vekk, seier Marie Tufte Kvisgaard (52).

Ho er av dei som synest Tekst-TV er den beste kjelda til nyhende.

2. februar 1983 vart NRK Tekst-TV lansert etter stortingsvedtak i april året før.

Sakna Tekst-TV

– Tekst-TV er det einaste eg har sakna ved å ikkje ha TV - og så finst det jammen på nett!

Signhild Stave Samuelsen (34) har ikkje hatt TV på ei stund. For kort tid sidan oppdaga ho at Tekst-TV finst på internett.

– Frå eg var lita ville eg helst ha nyhenda på Tekst-TV. Der kunne eg lese nyhende i ro og mak, utan dei brutale bileta som var på TV.

Dagen i dag Tekst-TV 35 aar

DAGEN I DAG: Tekst-TV side 199 har blitt ein del av dei daglege rutinane til Signhild Stave Samuelsen. 2. februar kan både ho og vi lese at Tekst-TV har bursdag.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Nye rutinar

I havet av moglege kjelder til nyhende på nett føretrekkjer Stave Samuelsen no Tekst-TV i nettlesaren.

- Det er nok ei blanding av nostalgi og at nyhendeoppslaga er i konsentrert form. Det gjer det lettare å bli raskt informert, seier lektoren.

Kollegaer syntest det var rart då dei såg Tekst-TV på nettbrettet hennar. Det får dei berre meine.

- Nyhende på Tekst-TV har igjen blitt ein naturleg del av dagen. Og side 199, sjølvsagt, ler trettifireåringen.

Tekst-TV rev nyhenda

Masar ikkje

Tekst-TV revolusjonerte formidlinga av nyhende. Tekst-TV var det første mediet som ikkje var avhengig av faste tidspunkt for sending og publisering, slik det var i radio, fjernsyn og aviser. Ferske nyhende når vi sjølv vil, er vi seinare blitt vande med. Trass i at ho har både smarttelefon, nettbrett og datamaskin med internett brukar Tufte Kvisgaard Tekst-TV på TV.

Tekst-TV-brukar Marie Tufte Kvisgaard

KJENNER SEG OPPDATERT: Marie Tufte Kvisgaard brukar Tekst-TV både under frukost, middagslaging og til ei oppdatering om kvelden. Ved å følgje med på Tekst-TV kjenner ho seg vel så oppdatert som dei andre på jobb.

Foto: Tinius Tufte Kvisgaard / Privat

Brukar eg telefonen til å lese nyhende blir eg ofte avbroten av meldingar og oppdateringar. TV er roleg og masar ikkje på meg.

Nedgangstider

Minstemann i huset er tretten år. Han forstår ikkje kvifor mamma brukar Tekst-TV, sjølv om ho forklarar at det er ein rask og fin måte å bli oppdatert på.

For både Stave Samuelsen og Tufte Kvisgaard er roa og den enkle framstillinga viktig. Dei er ikkje aleine, men dei siste åra har tal brukarar stupt. I toppåret 2005 brukte ein tredjedel av innbyggjarande Tekst-TV dagleg. I 2017 sa berre sju prosent det same.

- Det er framleis ein del, særleg eldre, som brukar og set pris på Tekst-TV, men slik utviklinga har vore er det vel berre eit tidsspørsmål om kor lenge det kjem til å vare. Tekst-TV rekrutterer ikkje nye brukarar, seier analysesjef i NRK, Kristian Tolonen.

Tekst-tv

NOSTALGI: Kva som skjer med Tekst-TV framover er uvisst

Foto: NRK, Computerworld, Aftenposten

- Les også: Tekst-TV 30 år

- Sjå og: "Lisenskontrolløren" sitt innslag om Tekst-TV

Prøv vår vesle Tekst-TV-kviss

1/5 Verdas første Tekst-TV

Kva heitte verdas første Tekst-TV?

2/5 Popularitet

Kva år var bruken av NRK Tekst-TV størst?

3/5 Stortingsvedtak

Kortid gjorde Stortinget vedtak om at Tekst-TV skulle etablerast?

4/5 Konsekvensar

Ein tastefeil i eit varsel sommaren 1994 fekk følgjer for mange lesarar. Kva varsel?

5/5 Sidekunne

På kva side på Tekst-TV finn du "Dagen i dag"?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.