Hopp til innhold

Han var så nervøs at han ikkje hadde godt av det

FLORØ (NRK): Det var ikkje utan grunn at krinsleiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrins stråla frå øyre til øyre på Florø stadion.

Krinsleiar Robert Endestad

HISTORISK: Etter 90 nervepirrande minutt kunne krinsleiar Robert Endestad endeleg sleppe jubelen laus på Florø stadion

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette er ein historisk dag. Vi har aldri før hatt to lag så høgt oppe i systemet før, så dette er berre ein heilt fantastisk dag for fotballen og idretten i fylket, jublar han etter å ha sett Florø Fotball ta steget opp i 1. divisjon.

Eventyrleg sesong

Kampen kunne ikkje fått ei betre råme med 2.700 publikumarar på tribunen. Og med Christer Husa og Endre Kupen sine mål på bana, kunne heimepublikumet sleppe jubelen laus i haustsola.

Jubla gjorde også krinsleiar Robert Endestad.

– No får vi håpe at Kaupanger sitt damelag klarer å ta steget opp i 1. divisjon. Då har dette vore ein eventyrleg sesong for fotballen i fylket, seier han.

Terje Rognsø
Foto: Truls Kleiven

Identitetsskapande

Sogndal Fotball har til no vore einsam svale frå fylket i dei to øvste divisjonane. Førde har tidlegare vore oppe å snusa på eit opprykk. Dei er for lengst degradert til neste års 3. divisjon.

Også Florø har vore i opprykkskampen. I år stod dei løpet heilt ut.

– Dette er viktig for identiteten vår, og spesielt viktig for Florø som opplever nedgangstider og litt dårlege signal her og der i næringslivet. Då er fotballen med å byggje oss opp att og vi skapar noko saman, seier Endestad.

Sogndal fekk vere Sogndal

Viktigheita av kampen blir også understreka av Sogndal Fotball. Både dagleg leiar Egil B. Mundal, sportsleg leiar Håvard Flo og omdømeleiar Rasmus Mo stod langt framme i rekkjene blant gratulantane på Florø stadion.

Sjølv om Sogndal møter Molde på bortebane på søndag.

Sogndal Fotball på Florø stadion

TRYGG: Delegasjonen frå Sogndal Fotball kjende seg trygge på Florø-opprykk. – Men det var ein periode midt i andre omgang der Florø rulla opp angrep på angrep og ikkje fekk lukka kampen på 1–0. Men til sjuande og sist vinn dei fortent, seier sportsleg leiar, Håvard Flo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette er ein festdag for fotballen i Florø, for byen, for regionen og fylket. Vi kunne ikkje la sjansen til å delta i dette gå ifrå oss, seier Flo.

– Fortent opprykk

– Kor viktig er dette opprykket for fylket?

– Det er viktig å setje toppfotballen i Sogn og Fjordane på kartet. No har spelarane som kjem opp fleire arenaer, klubbane kan dra vekslar på kvarandre i kvardagen og saman bli betre. Det er utruleg viktig for oss også.

Flo meiner Florø-sigeren var fortent og opprykket minst like mykje fortent.

– Dei har vore botnsolide gjennom heile sesongen. Det er ikkje berre i dag dei har gjort jobben, seier han.

Nervøs krinsleiar

Robert Endestad vedgår at det vart vel spennande på slutten. Med Florø si knappe 1-0-leiing, yppa gjestene seg og fort kunne fått utlikninga. Så dukka Kupen opp med si 26. scoring for sesongen.

– Eg sat bak i ein krok og nesten gøymde hovudet. Eg var så nervøs at eg ikkje hadde godt av det. Det var ei god sak då Kupen putta 2-0, seier han og lar seg imponere av oppslutnaden rundt Florø-laget.

– I dag var det nesten 3.000 tilskodarar på tribunen. Det er heilt utruleg. Og det var folk frå Årdal, Selje ... heile fylket står bak det Florø har gjort, avsluttar han.