Hopp til innhold

Hevdar dei har klart seg godt utan akuttkirurgi på sjukehuset

Trass i at lokalsjukehustilhengarar landet over kjempar for å bevare akuttkirurgi, hevdar dei som alt har mista kirurgien at dei klarer seg fint utan.

Haugland, Nordfjord sjukehus

IKKJE LENGER SKEPTISK: seksjonsleiar Laila Haugland ved sjukehuset i Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Etter 12 år utan akuttkirurgi har Nordfjord sjukehus ikkje opplevd ei einaste uønskt hending fordi dei manglar tilbodet. Årsaka er nært samarbeid med akuttsjukehusa.

– Vi var ganske skeptiske før den denne modellen vart innført, det må vi seie. Men etterpå så har vi vel ikkje sett eit einaste tilfelle der dette ikkje har fungert, seier seksjonsleiar Laila Haugland.

Fann inspirasjon i Nordfjord

Medan frustrerte lokalpolitikarar kring om i Norge slåst for å bevare akuttkirurgi ved lokalsjukehusa, vart tilboda ved lokalsjukehusa i Nordfjord og Lærdal nedlagde for 12 år tilbake. Mange har då vel to og ein halv time til akuttilbodet i Førde.

Det er her i Nordfjord helseminister Bent Høie fann inspirasjonen til Nasjonal helseplan som frå regjeringshald opna for liknande kutt også elles i Norge.

– I Nordfjord har vi har funne løysinga på korleis vi skal sikre trygge sjukehus i heile landet, seier Høie.

Seinare har Stortinget endra på formuleringane, men akuttkirurgi kan uansett står for fall mange stadar i landet

Akuttavgjerd for døra

I Hordaland skal skjebnen til akuttkirurgien i Odda snart avgjerast.

Medan helsetoppar vil legge ned, er legar og lokalpolitikarar kampklare. Ein av dei er overlege og kirurg Trond Dyngeland ved sjukehuset i Odda.

– Det er snakk om minst eit par timar transport, og i gitte situasjonar kan det gå på livet laust, seier Dyngeland.

Men på Nordfjordeid der sjukehuset dekker eit omland på 30000 innbyggarar er erfaringa at dette går bra, seier overlege Jon Sverre Arnestad.

– Vi tykkjer vi har fått ein god modell, seier Arnestad.

Trond Dyngeland

NEKTAR Å LA SEG FØYE: Trond Dyngeland lar seg ikkje overtyde om dei gode erfaringane frå Nordfjord.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ubøyeleg

Men overlege Trond Dyngeland ved Odda sjukehus er ubøyeleg. Prisen for akuttkirurgien er mellom 6 og 10 millionar kroner anslår han.

– Det kostar litt pengar, det gjer det. Men ikkje meir enn ein liten gallamiddag i Oslo for helsetoppane.

Mellom 11 og 20 000 innbyggarar soknar til det akuttkirurgiske tilbodet som ligg i overkant av 2 timar frå Bergen. Men vegnettet er rasutsett, og helikoptertilhøva vanskelege mellom høge fjell og skodde.

Dyngeland meiner det skuldast flaks om vel 30 000 nordfjordingar gjennom 12 år har komme uskadde frå det.

– Det kan fungere inn til det ikkje fungerer lenger. Det er det som er poenget. I det halvåret vi har diskutert dette i Odda, har vi hatt to direkte livreddande inngrep med akuttkirurgiske problemstillingar, seier Dyngeland

Tilbake til Nordfjord sjukehus vil ikkje seksjonsleiar Laila Haugland meine noko om tilbodet andre stadar i landet, men held fast på at gjennom å samarbeide tett med større sjukehus er pasientane sikra riktig behandling i tide.