- Jo alvorlegare diagnose - jo viktigare er det med best mogleg kvalitet. Då tenkjer folk at jo større sjukehus jo betre kvalitet, seier Mjåtveit.
- Alle sjukehusa står i fare
Det er altså ikkje klager på reiseavstand eller reisetid i akuttilfelle som dominerer klagene pasientombodet i Sogn og Fjordane fekk inn i fjor. Tvert imot ser mange ut til å meine at di større sjukehuset er, di betre er kvaliteten på behandlinga. At mange meiner dei burde vore sendt til eit større sjukehus tidlegare, betyr ifølgje Mjåtveit at alle sjukehusa i fylket står i fare for å bli valde vekk.
- Kvalitet er det aller viktigaste, og alle sjukehusa må yte best mogleg kvalitet. Elles står alle sjukehusa i fylket i fare for å bli valde vekk av pasientane, meiner pasientombodet.
Færre klagar
Men sjølv om mange har ønskt seg til eit større sjukehus, har det vore eit kraftig fall i tal klager på sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal. For begge sjukehusa er tal klager halvert frå 2003 til 2004. Mjåtveit ser føre seg tre moglege forklaringar på det. Det eine er at det har vore færre uhell. Det andre at ein har ein betre lokal handtering av avvikssituasjonar. Siste forklaringa trur Mjåtveit kan vere at folk kanskje er redde for at det kan skade lokalsjukehuset viss dei klagar. Men pasientombodet meiner at pasientane i alle høve må seie frå viss det er noko som er gale.