Hopp til innhold

Her var det våtast i landet i oktober

Oktober månad vart blant dei våtaste på Takle og i Brekke i Sogn sidan målingane starta for over eit halvt århundre sidan. Regnet hølja ned, fortel rekord-ekspert Stein Kristiansen.

Regnet fosser ned

ILLUSTRASJON: «Slusene» opna seg for alvor over Brekke og Takle i oktober.

Foto: Solum / SCANPIX

– Oktober var ein veldig, veldig våt månad, seier Stein Kristiansen, som er førstekonsulent ved klimatenesta på Meteorologisk institutt.

Han jobbar spesifikt med rekordar, og er ikkje overraska over kor vått det vart for bygdefolket i Takle og Brekke.

– Dette er dei mest nedbørrike områda i landet, seier Kristiansen.

Takle, ei bygd som ligg langs Sognefjorden i Gulen kommune, fekk 727,7 millimeter i oktober. Det er 179 prosent av normalen. I Brekke, som ligg fem kilometer lenger inn i landet på vestsida av Risnesfjorden, kom det 718,3 millimeter. Også her langt over normalen, nærmare bestemt 161 prosent over.

Berre Haukeland - Storevatn i Masfjorden var våtare, med 752,6 mm.

Mykje meir enn normalt...

Desse tala seier kanskje ikkje mykje. For å sette det i perspektiv fortel Kristiansen at oktoberregnet ytst i Sognefjorden når høgt opp på lista.

– I Brekke har vi målt sidan 1938, og dette er den sjette mest nedbørsrike månaden sidan starten. På Takle starta målingane i 1950, og berre tre år har det vore meir regn i oktober. Det var veldig, veldig vått i Gulen, seier han.

Takle

SOL: Det er ikkje berre regn i Takle.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fleire ting tyder på ein våt haust sett under eitt. Per utgangen av oktober ligg året an til å bli det 16. våtaste året sidan målingane starta på Takle.

– Det er ikkje dramatisk i seg sjølv. Men i februar kom det berre 4,2 millimeter, og sommaren var også tørr. Så når det no ligg an til å bli 16. våtast på over 60 år tyder det på ein svært våt haust, seier Kristiansen.

Men likevel langt frå rekordar...

Likevel, gulingane har opplevd det verre.

I 1983 fekk Takle 909,1 millimeter i oktober. På Brekke synte målestasjonane 1126 millimeter, eller 1,1 meter!

– Brekke har faktisk noregsrekorden over eitt år. Det skjedde i 1990. Då fekk dei 5596 millimeter, og det vil seie 5,5 meter, seier Kristiansen entusiastisk.

Men tru ikkje at det er alle vêrfakta rekordmannen kan servere.

– På Ålfotbreen kom det over 60 meter nysnø eitt år. Breen auka med ti meter. Det er NVE som har berekna dette.

Strandflata og regnskuggen

Inne i Lærdal er det langt tørrare. Lurar du på korleis det har seg slik? Kvifor det regnar så mykje på sogningane som held til i ytre delar av regionen?

Det har med eksotiske omgrep som strandflata og regnskuggen å gjere.

Strandflate er det låge landet og grunne sjøområdet langs kysten. Dette blant dei mest karakteristisk landsformene i Noreg, men det finst også i andre arktiske og antarktiske område der istida har prega landskapet. Nansen jobba mykje med å undersøke strandflata, og korleis ho oppstod, fortel Kristiansen.

Ein typisk ting for strandflata er at ho ender i bratte fjellsider.

– Takle og Brekke ligg midt i det vi kallar maksimalsonen, og der kjem det veldig, veldig mykje nedbør. Luft frå havet når til slutt fjella og blir pressa opp og må gje frå seg nedbør. Difor er det langt tørrare inne i landet.

På baksida av fjella, og på baksida av Jostedalsbreen, finn du derfor dei tørraste stadene i landet.

– Bak dei regntunge stadene ute ved strandflata finn du regnskuggen. I Lærdal er det mykje tørrare, men langt frå tørrast i landet. Bak Jostedalsbreen, i Skjåk og Lom, ligg nokre av dei aller tørraste stadene i landet, seier Kristiansen.