Hopp til innhold

Gulen våtast i landet

Store nedbørsskilnader i landet.

Regn
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Ifølgje Bergens Tidende regna det 21 gongar meir i Gulen enn i Saltdal i Nordland. Takle i Gulen fekk nesten fire meter nedbør i fjor, medan Saltdal måtte nøye seg med 18,5 centimeter.

- Kan dyrke kva som helst

I Lærdal regna det 64, 8 centimeter i fjor. Dette er 32 prosent over normalen. Likevel regna det over seks gonger meir i Gulen. Takle i Gulen var nemleg våtast i heile landet i fjor. I motsett ende ligg Lærdal. Her regnar det normalt litt mindre enn ein halvmeter. Lærdal var i tillegg staden som hadde dei høgste maksimumstemperaturane på Vestlandet i heile fem av 12 månader. Dette betyr gode tider for fruktbøndene.

- Klimaet i Lærdal er slik at vi kan dyrke nesten kva som helst, sa fruktbonde Ivar Petter Grøtte til Bergens Tidende i august i fjor.

- Fagfolk og store kundar frå Europa betegnar Lærdal som eit naturleg drivhus der fjella tek vare på varmen. Det er passeleg med nedbør, og sommardagane er varme og lange. Det gir sein modning og svært søte bær, sa han.

Tiande varmaste

I fjor hadde Lærdal eit lite unntak. Juni var den beste månaden for Vestlandet i fjor, men i Lærdal regna det mest med 4,7 centimeter. Det var på Flesland i Bergen som hadde minst nedbør denne månaden med 0,7 centimeter.

For Noreg var fjoråret det tiande varmaste som er registrert sidane 1900. Middeltemperaturen for fastlandet låg 1,2 grader over normalen. Ifølgje BT er dette på nivå med både 2004 og 2005, men 0,5 grader kaldare enn 2006, som var rekordvarmt. Det var i tillegg 20 prosent meir nedbør enn normalt i 2007.