Fem år etter storflaumen har NVE framleis ikkje bestemt seg: – Dei forstår ikkje alvoret

SEIM (NRK): Flaumsikringsprosjektet på Voss kan bli det største og mest kostbare i Noreg nokosinne. Men no har NVE nok ein gong utsett rapporten som avgjer korleis det bør gjerast.

Sverre Sedvardsen på Minigolfen Pub og Kafe under oktoberflommen 2014

MYKJE VATN: Oktoberflaumen i 2014 gjorde skader fleire stader på Vestlandet. På Voss gjekk Vangsvatnet og Vossovassdraget langt over sine breidder.

Foto: Arne Veum / NTB scanpix

– NVE har gang på gang vist mangelfull kompetanse. Dei har vist at dei ikkje forstår alvoret eller omfanget av saka, seier Nils Martin Seim, som representerer grunneigarane vest i Vossovassdraget.

I 2014 fekk han elva inn i fleire hus på garden sin. Den store oktoberflaumen gjorde stor skade på Vestlandet, og særleg på Voss, i Odda og i Flåm.

Seinare har flaumvatnet kome fleire gonger på garden til Seim.

Alle er samde om at noko må gjerast, men framleis ventar grunneigarane på Voss på ein rapport frå NVE.

Vannskader i kulturhuset på Voss.Flere hus enn de fem som er tatt av vannet kan ramle ut i Opo i Odda etter storflommen natt til onsdag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

SJÅ VIDEO: Helikopterbilete frå Voss syner skadane etter oktoberflaumen i 2014.

Vil bygge flaumtunnel

Den er blitt utsett fleire gonger og fleire grunneigarar har no mista tolmodet med NVE.

Nils Martin Seim meiner dei ikkje forstår kva som må til for å sikre Vosso mot flaum. Han meiner det berre finst ei løysing.

– Det må byggast ein flaumtunnel for å lede vatnet ned til Hardangerfjorden. Dette burde dei ha konkludert med allereie i 2016.

Han får støtte frå fleire rapportar, og frå sivilingeniør Jarle Østerbø. Han har jobba med flaumsikringsarbeid i 25 år, er sjølv frå området og har jobba mykje med situasjonen i Vosso.

– Det er misbruk av tid og ressursar at NVE ikkje konkluderer med at flaumtunnel til Granvin er det beste.

FORSLAG: Når Vossovassdraget flaumer over, kan løysinga vere å leie vatnet i ein over 20 kilometer lang tunnel til Hardangerfjorden.

Milliardprosjekt

Ein slik flaumtunnel, frå Lønavatnet over Vossevangen til Granvin i Hardanger, vil bli over 20 kilometer lang.

Sikringa av Vosso vert truleg det største og mest kostbare flaumsikringsprosjektet i Noreg nokosinne.

Prisen kan bli på fleire milliardar kroner, uansett kva løysing som vert valt.

Ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) meiner det er heilt nødvendig å bruke desse pengane.

– Vi ser at flaumane kjem oftare og er større enn vi trudde for ti år sidan. Dette er eit vere eller ikkje vere for store deler av kommunen. Vi er utolmodige, og treng ein konklusjon frå NVE så snart som råd.

Nils Martin Seim

UTOLMODIG: Grunneigar Nils Martin Seim har opplevd flaumane i Voss på nært hald. Han ynskjer seg ein flaumtunnel til Hardangerfjorden og er lei av å vente på kva NVE bestem seg for.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Rapporten utsett til april

Alternativet er å lede vatnet nedover dagens elveløp.

Dette kan hjelpe på flaum i Vangsvatnet og tettstaden Voss, men konsekvensane for områda lenger nede i vassdraget kan bli katastrofale.

– Dette kan skylje vekk hus og annan infrastruktur. Bergensbana og E16 kan forsvinne, seier Østerbø.

Siss-May Edvardsen i NVE seier dei er nøydde til å vurdere alle alternativ. Ho har leia prosessen med flaumsikring av Vosso, og er no fungerande regiondirektør i NVE.

– Eg forstår at mange på Voss er utolmodige, men vi bruker den tida vi treng for å kome til ein robust og grundig konklusjon.

Rapporten har blitt utsett fleire gonger. No lover Edvardsen at den skal leggast fram 15. april 2020.

– Kva er din kommentar til påstanden om at NVE ikkje har kompetanse til å gjere ei god vurdering?

– Vi bruker same kompetanse her som i alle andre saker vi behandlar. Det er vår plikt å grundig vurdere alle mogelege løysingar.

Vil ikkje møte grunneigarar

Seim og Østerbø har fleire gonger det siste året bedt om eit møte med NVE utan å få svar.

– Det er uforståeleg at dei ikkje er interesserte i å få belyst dette så godt som mogeleg. Vi er redde for at dei går mot feil konklusjon utan at vi får belyst det, seier Nils Martin Seim.

Til NRK seier Edvardsen at NVE vil vente med å møte grunneigarar til rppoarten er klar.

- Det har vore eit stort engasjement lokalt, og vi tek omsyn til alle innspel.