NRK Meny
Normal

Her er kameratgjengen midt i branninfernoet

Steffen Aasebø (18) og dei to kameratane hans skulle berre til Sverige på festival. Brått var dei midt i branninfernoet i Gudvangatunnelen.

Created by InfoDispatcher

DRAMATIKK: Steffen Aasebø (18) og kameratane filma dramaet i Gudvangatunnelen.

– Det var ekkelt og dramatisk. Men det kunne jo gått mykje verre enn det det

gjorde, seier Steffen Aasebø (18)

Han og to kameratar var på veg til festival i Sverige, då dei brått hamna midt i branninfernoet på E16 i Gudvangatunnelen i går.

Passerte ein trailer med naudblink

– Då vi var midt i tunnelen, så køyrde vi forbi ein trailer med naudblinken på. Då vi kom forbi han, stod det ein trailer i ro midt i vegbana, seier Steffen Aasebø.

Dei tre gutane bestemde seg for å stoppe for å høyre om sjåføren trengde hjelp.

– Vi svinga inn bak traileren og stoppa. Då kom sjåføren bak til oss og fortalde at han hadde eit problem med brann i traileren, og lurte på om vi kunne ringje brannvesenet, seier Aasebø.

– Eg har tenkt ein del på det. Det er ekkelt, rett og slett.

Steffen Aasebø

Gutane ringde brannvesenet, men det var ikkje berre lett å få forklart nøyaktig kor dei var.

– Vi ante ikkje kor vi var, så dei bad oss springe bort til eit brannsløkkingsapparat og rykkje dette laust frå veggen, for då ville dei sjå på sentralen kor vi var, seier Aasebø.

Såg ikkje ei hand framfor seg

– Då vi kom inn, såg vi ingenting. Så gjekk det eit par minuttar, og så tok det til å ryke noko sjukt. Og på ein-to-tre stod heile lastebilen i fyr, seier Aasebø.

Han fortel at brannen tok til heilt framme på køyretøyet, truleg i motoren.

Etter at gutane hadde drege laust brannsløkkingsapparatet, kasta dei seg inn att i bilen og køyrde ut att.

Då vi kom inn, såg vi ingenting. Så gjekk det eit par minuttar, og så tok det til å ryke noko sjukt.

Steffen Aasebø

Trass i den dramatiske hendinga, trur ikkje Aasebø at han har vorte redd for tunnelar. Men sikker er han ikkje.

– Tja, kanskje. Vi har ikkje køyrt i nokon lang tunnel etter at det hende, seier Aasebø.

Har tenkt tanken på at det kunne gått gale

Karane har prata mykje om det som hende, på vegen mot Sverige.

– Det er dramatisk at det var så mange som ikkje kom seg ut, seier Aasebø.

Han har rukke å tenkt tanken på at han faktisk kunne vore ein av dei som ikkje kom seg ut av tunnelen.

– Eg har tenkt ein del på det. Det er ekkelt, rett og slett, seier Aasebø.

At utfallet kunne vorte mykje verre, er dei medvitne på.

– Vi er glade for at vi kom oss ut så tidleg så vi gjorde, seier Aasebø

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast