Hopp til innhold

Dette er to gamle ferjer – dei nye ferjene er framleis ikkje i norsk farvatn

Dei batteridrivne ferjene som skal setjast inn i trafikk på E39-sambandet Anda-Lote er kraftig forseinka. Dårleg vêr gjer at turen frå Tyrkia tek lenger tid enn planlagt.

To ferjer på Anda - Lote.

TO FERJER: I MF «Gloppefjord» og MF «Eidsfjord» sitt fråvær, er det MF «Sognefjord» og MF «Årdal» som held ferjesambandet Anda–Lote i gang.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi er like utolmodige som kundane våre, så vi ventar i spenning, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Tor Kristoffersen, Fjord1

BETRE RUTETILBOD: Tor Kristoffersen i Fjord1 seier dei reisande ikkje vil merke store endringar på sjølve overfarten over Nordfjorden når dei nye ferjene er på plass.–Men rutetilbodet blir betre, men betre kapasitet og fleire avgangar.

Foto: Fjord1

Kvar blir dei nye ferjene av? Det er nok eit spørsmål mange ferjependlarar stiller seg i desse dagar. På begge sider av fjorden har både vegfarande og politikarar venta forventningsfullt på 1. januar 2018. Då skulle det bli andre bollar på ferjesambandet Anda-Lote.

To splitter nye batteridrivne ferjer skulle vere på plass, og frakte folk og bilar over fjorden kvart 20. minutt. Men dei nye ferjene MF «Gloppefjord» og MF «Eidsfjord» er ikkje ein gong på plass i norske fjordar.

I staden er det dei gamle travarane MF «Sognefjord» og MF «Årdal» som sørger for at trafikken på sambandet går slik rutene er sett opp.

Får ikkje pes frå Vegvesenet

I Statens vegvesen ser Anders Sæternes ingen grunn til å kave seg opp. Leiaren i ferje- og forvaltningsseksjonen seier Fjord1 er innanfor kontrakten sjølv om det endå vil gå noko tid før dei nye ferjene er på plass.

– Kontrakten opnar for at det er ein testperiode i starten, der dei kan ta dei nye ferjene inn og ut av drift. Så lenge dei følgjer opp rutetabellen, er dette ikkje noko problem, seier han.

Dei siste åra har det Fjord1 stadig fått kritikk for dårleg kapasitet på sambandet Anda-Lote. Etter at bilferja MF «Årdal» kom i trafikk har talet kanselleringar auka kraftig.

I drift neste veke

Difor er det mange som har store forventningar når to splitter nye ferjer skal setjast inn i trafikk. Akkurat kor tid det kan skje veit ikkje Tor Kristoffersen i Fjord1.

– Akkurat no er ferjene på veg opp frå Tyrkia. MF «Gloppefjord» reiste frå Nederland i går kveld, og er venta til Norge på torsdag. MF «Eidsfjord» ligg nord i Spania og ventar på betre vêr. Det har vore røft vêr på veg nordover, så turen tek lenger tid enn vi hadde venta, seier han.

Ferjene skulle etter planen ha kome til Norge allereie tidleg i desember. Kristoffersen seier både sjølve bygginga og tekniske testar tok lenger tid enn dei hadde trudd.

No er håpet at MF «Gloppefjord» skal kome i drift på sambandet i løpet av neste veke.

– Når ferja kjem til Norge vil vi bruke nokre dagar på tekniske justeringar, før vi startar opplæring av mannskapet og teste ut fartøyet på sambandet, seier Kristoffersen.