No går ferja som normalt igjen

Det hjelpte ikkje å byte ferje. Også i dag stengjde sterk vind og straumsjø ferjesambandet på E39 mellom Anda og Lote i mange timar.

Bilferja "Selje"

INNSTILT: Også «Selje» måtte gi tapt for dei vanskelege vind- og straumforholda på Anda ferjekai.

Foto: NRK

SISTE KL 15.50: Vinden har løya, og ferja går igjen. Det er ingen nemneverdig på kø på kaiane, opplyser Statens vegvesen.

I 12-tida gjorde ferja eit forsøk på å kome til kai på Anda, men lukkast ikkje med det.

– Det var voldsomme vindkast i tillegg til sterk straum. No ligg ferja på Lote og avventar situasjonen, seier trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vil gjere ein prøvetur

– Ferja kjem ikkje til kai på Anda. Dei vil gjere eit nytt forsøk rundt klokka 12 då det skiftar frå fjære til flo, sa trafikkoperatør Heidi Hauge Rasmussen ved Vegtrafikksentralen i Bergen til NRK i halv -ti-tida søndag føremiddag.

Rasmussen veit ikkje om det er køar, men ho opplyser at det på begge sider av fjorden er skilta omkøyring via Utvikfjellet eller Stårheim–Isane. Men når det gjeld sambandet lenger ute i fjorden, vart også det innstilt nokre timar då «Sognefjord» fekk teniske problem søndag føremidag. Ei ny ferje er no på plass og trafikken har gått som normalt her sidan klokka 14.30.

Bytte ferje i går

Fjord1 ein hadde problem også i går. Same vind- og straumforhold gjorde at bilferja «Sognefjord» måtte gi opp, og sambandet var innstilt i mange timar. Då valde Fjord1 å byte ferja ut med «Selje», som trafikkerer sambandet Stårheim–Isane litt lenger ute i fjorden.

– «Sognefjord» har eit litt anna rorsystem. «Selje» taklar betre vanskelege forhold, sa regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, til NRK laurdag føremiddag.

Men søndag føremiddag måtte også «Selje» for dei vanskelege forholda. No set mannskapet si lit til at floa skal hjelpe, ifølgje vegtrafikksentralen.

Kritisk ordførar

Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen, er kritisk til at eit så viktig samband er innstilt for andre dag på rad. Han meiner dette syner at Fjord1 ikkje har sett inn ferjer som har motorkraft nok til å takle dei krevjande forholda i Nordfjorden.

Leidulf Gloppestad

KRITISK: Ordførar Leidulf Gloppestad vil ha tilbake M/F «Lote».

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er ikkje godt nok. Dei må setje inn det beste materiellet der det krevst mest. Vi må få tilbake M/F «Lote» inntil dei to nye ferjene er på plass ved årsskiftet, seier Gloppestad.

Ifølgje Gloppestad var «Lote» ei meir driftssikker ferje med kraftigare motorar som takla forholda betre den gongen den trafikkerte sambandet.

– Det er ikkje aktuelt å setje inn «Lote». Det har vore oppe og avklart før. Den er bunden av ein anbodskontrakt på eit anna samband, seier Kristoffersen.

Han ønskjer elles ikkje å gå inn i ein ny debatt om kva for ferje som er best eigna til å trafikkere sambandet.

Har fått kritikk

Fjord1 har fått ein del kritikk dei siste dagane fordi køane har hopa seg opp på Anda og Lote. Grunnen til det er at den faste ferja MF «Årdal» har vore på verkstad. Reserveferja MF «Sognefjord» har mykje mindre kapasitet.