Her set turistane seg sjølve i livsfare

– Hadde raset vore større, så hadde dei blitt tekne, seier Janne Merete Bøyum. Turistar trossa sperringane og klatra opp langs Supphellebreen i Fjærland.

Supphellebreen - Turistar bryt sperring

FARLEG: Her er to turistar på veg opp mot Supphellebreen. Ikkje lenge etter går det eit ras.

Foto: Janne Merete Bøyum

Laurdag var Bøyum guide for ei gruppe turistar ved Supphellebreen i Fjærland. Då ho kom fram, såg ho fire andre turistar som hadde kryssa sperringane ved breen. To av dei stod nede med vatnet saman med ein hund. Dei to andre klatra i fjellet på veg opp.

Høyrde buldring frå breen

Bøyum prøvde å få kontakt med turistane, men på grunn av stor avstand høyrde dei ikkje ho rope.

– Eg ringde til sjefen min, og han skulle få tak i ein lokal guide som kunne kome og hjelpe. Sjølv måtte eg vidare med turistane som eg hadde med meg.

På veg tilbake til turistbussen høyrde ho det starta å buldre frå breen. Ho sprang tilbake for å sjå kva som hende.

– Når eg først høyrde buldringa så tenkte eg shit. Eg skjønte at det var snakk om noko meir enn berre ei lita isblokk.

Janne Merete Bøyum

RYSTA: Janne Merete Bøyum prøvde å rope på turistane som gjekk forbi sperringane ved Supphellebreen. Like etter gjekk raset.

Foto: Privat

Ho fortel vidare at turistane som stod oppe i fjellet var like under der raset gjekk. Dei hadde stoppa opp, og Bøyum trur dei ikkje heilt forstod kva det var eller kva som kunne hendt.

Var heldige

– Dei var ganske heldige. Raset gjekk ned i ein sprekk i fjellet, og vart vidare teke med av elva som renn der.

Då Bøyum såg raset skjønte ho at det ikkje ville nå heilt ned til vatnet som ligg nedanfor breen. Hadde det vore større, ville både dei som stod i fjellet, men også dei som stod nede med vatnet blitt tekne, seier ho.

Ras - Supphellebreen i Fjærland

RAS: Det har vore to ras i løpet av kort tid ved Supphellebreen i Fjærland. Her er restar frå eit større ras som gjekk førre søndag.

Foto: Janne Merete Bøyum

– Det er vanskeleg å forstå kor stor breen er når ein står oppe i fjellsida. Det er heller ikkje alle som forstår kor sterke krefter det faktisk er snakk om. Hadde raset vore større, trur eg alle hadde blitt tekne.

Stort problem

Pål Gran Kielland er fagleg ansvarleg ved Norsk Bremuseum i Fjærland. Han seier at ras er vanleg ved breen, og det kan skje kor tid som helst utan forvarsel.

– Ved Supphellebreen kan det rase kvar dag, kor tid som helst. Breen er i bevegelse og flyttar seg ned over fjellet.

Han fortel at turistar som bryt sperringane har vore eit problem i fleire år. Sjølv om der er skilt og fysiske sperringar med kjetting.

– Folk er nysgjerrige, vil utforske naturen og ta fine bilete. Det er jo ein grunn til at sperringane er sett opp i god avstand til breen. Sjølv tykkjer eg sperringane er veldig tydelege.

Fryktar det verste

Som oftast går det bra, men der har vore tilfelle av alvorleg ulukker og dødsfall dei siste åra, fortel Kielland.

Ved Nigardsbreen i Luster kommune omkom ein mann, og to andre vart skadde då breen rasa. Dei, og fleire andre, hadde kryssa sperringane. Kielland fryktar at noko liknande skal førekome i Fjærland.

Nigardsbreen - Turistar bryt sperringane

RISIKO: – Dei seier dei er klar over farane, men er likevel villige til å utsetje seg for risikoen, seier Steinar Bruheim. Kvart år bryt turistar sperringar sett opp ved brear. Bilete her syner førre fredag.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Ein får hjarte litt i halsen når ein ser folk bevege seg så tett inn under brefallet. Det er ikkje berre is som fell der. Det kan gå steinsprang og det kan oppstå flaum frå breelva og fossar. Det er eit nokså dynamisk område og her er mange naturprosessar i sving.

Har blitt betre skilting

Steinar Bruheim er leiar for Jostedalen Breførarlag. Han fortel at etter dødsulukka i fjor sommar har det kome fleire og meir informative skilt som skal åtvare mot farane ved brear. Det har også kome opp nye sperrelenkjer, og i år skal det stå ein vakt og passe på at folk ikkje bryt desse sperringane.

– Viss ikkje det er tilstrekkeleg, å ha ein person i området i tillegg til skilt og sperringar, då må ein i tilfelle gjerde inn heile området, seier han.

Han har tru på at dette kan gjere situasjonen betre, men seier det likevel har vore tilfelle der folk har kryssa sperringane i år.

– Der er jo somme som tek sjansen uansett. Dei seier dei er klar over farane, men er likevel villige til å utsetje seg for risikoen.

Bruheim håper at reiselivsaktørar som er ansvarleg for turistar også gjer ein jobb ved å opplyse om farar ved å nærme seg brear.

– Dei burde informere turistane sine om dei farane som er ved å gå for nærme brear. Det er også viktig å respektere dei åtvaringane og dei fysiske sperringane som står ved desse breane, avsluttar han.

Turistar bryt sperringane ved Nigardsbreen

BRYT SPERRINGAR: Her kryssar turistar sperringane ved Nigardsbreen. Alvorlege ulukker har førekome på grunn av dette.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK