Hopp til innhold

Her seier politikarane nei til 40–80 vindmøller

– Det har vore ein udemokratisk prosess, seier varaordførar Anita Eide Kvamme (Ap) og møter motbør frå utbyggjaren Fred Olsen Renewables.

Formannskapet i Gaular

SA NEI: Eit samla formannskap følgde opp hovudutvalet si innstilling om seie nei til Fred Olsen Renewables sine planar om ein vindkraftpark i Gaular.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Formannskapet i Gaular sa i dag nei til vindkraft i kommunen. No rår dei kommunestyret til å følgje opp med eit klart nei til den nasjonale ramma for vindkraft.

Ordførar Mathias Råheim (H) og varaordførar Anita Eide Kvamme (Ap) i Gaular.

NEI: Eit samla formannskap i Gaular, med ordførar Mathias Råheim (H) og varaordførar Anita Eide Kvamme (Ap) i spissen, seier nei til vindmøllepark i kommunen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

I kommunen er det planar om mellom 40 og 80 vindmøller i fjellområda mellom Viksdalen og Høyanger.

– Eg blir provosert. Ein opplever ikkje i andre saker at utbyggjar teiknar kontrakt med grunneigarar medan saker er på høyring. Det er ein uting, seier Anita Eide Kvamme (Ap).

Feil rekkefølgje

Området der Fred Olsen Renewables planlegg vindmøller, er eitt av 13 som NVE meiner er godt eigna for vindmøller. Men vindmøllemotstanden har vakse seg stor. Ikkje berre i Gaular, men også fleire andre stader i Noreg.

nve_nasjonal_ramme_vindkraft_0419

Spesielt reagerer Kvamme på at utbyggjaren, allereie før Stortinget har vedteke den nasjonale ramma for vindkraft, er godt i gang med å planlegge og skrive avtalar med grunneigarar.

Prosjektutiklarane Pål Gjesdal og Kjetil Bjørndalen Traaen Fred Olsen Renewables

USAMDE: Kjetil Bjørndalen Traaen (t.h.) og Pål Gjesdal i Fred Olsen Renewables er usamde i at ting blir gjort i feil rekkefølgje i arbeidet med vindmølleparkane.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– NVE burde sendt ut rapporten, så kunne vi komme med våre innspel som NVE tok omsyn til. Så kunne ein sleppt til utbyggjarar, seier varaordføraren.

– Vi er komfortable

Pål Gjesdal, prosjektutviklar i Fred Olsen Renewables, kjenner seg ikkje att i kritikken frå Kvamme.

– Vi er komfortable med å ha kontakta grunneigarar. Det er ikkje noko i føresetnaden til nasjonal ramme som seier at vi ikkje skal jobbe vidare med vindkraft medan ein arbeider med den, seier han.

Kollega Kjetil Bjørndalen Traaen har god tru på at dei kan klare å gjere anlegget til eit av landets minst synlege frå busetnad.

Kjetil Bjørndalen Traaen og Fred Olsen Renewables orienterer formannskapet i Gaular om vindkraftplan

ORIENTERTE: Prosjektutviklar Kjetil Bjørndalen Traaen (t.v.) orienterte politikarane om Fred Olsen Renewables sine vindkraftplanar i Gaular. Også grunneigarar som er i mot planane presenterte sine argument.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Vi ser i tillegg at det tidlegare har vore tyngre tekniske inngrep, med mellom anna eit sentralnett som går over fjellområda, og oppdemd vatn, seier han.

– Gir inntekter

Kvamme meiner vindmøllene bør byggjast til havs.

– Då gjer dei ikkje same inngrepa i naturen. Ny teknologi viser at dei kan byggje rimelegare til havs enn tidlegare rapportar viser, seier varaordføraren.

Ordførar Mathias Råheim (H) røysta mot, men vil ikkje kalle prosessen udemokratisk. Han har ingenting i mot vindmøller på land, men seier dei må vere minst mogleg synlege.

– Dei gir inntekter til grunneigarar og kommune, men vi veit ikkje noko om følgjene før konsekvensanalysen er klar og vi har søknaden på bordet, seier han.

Heilskapleg plan

Råheim meiner at det bør leggjast ein heilskapleg plan for kraftproduksjonen i Noreg.

Han dreg parallell til 73,8 kilometer lange Gaularvassdraget, som vart verna i 1993. Vernet sette ein stoppar for over 30 år lange planar om å byggje ut vassdraget.

– Grunneigarane, og alle som soknar til Gaularvassdraget, får nesten ikkje gjere noko. Men så kan dei kome med vindmølleparkar. Eg har etterlyst ei grunngjeving for det, men får ikkje anna svar enn at dei har høve til det, seier han.