Motstanden mot vindkraft på land aukar

Mange nordmenn er positive til vindkraftutbygging, men dei aller fleste ønskjer at det skjer til havs.

Midtfjellet vindpark

AUKANDE: Ny spørjeundersøking syner at 1 av 3 er negative til vindkraft på land. Her frå Midtfjellet vindpark i Fitjar i Hordaland.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Motstanden mot vindkraftutbygging i Noreg har det siste året stadig blitt synlegare.

Fleire store utbyggingsprosjekt har ført til at politikarar tek til tårene, ordførarar vil lenke seg fast i protest, og motstandarar blir kasta på glattcelle.

No skal også dei mange lokale protestgruppene organisere seg i ei nasjonal aksjonsgruppe. Det mange reagerer sterkt på, er store vindkraftutbyggingar i urørt norsk natur.

Med dette som bakteppe inviterer statsminister Erna Solberg (H) til toppmøte om havvind-utbygging i Bergen tysdag.

Same dag får ho presentert ei spørjeundersøking som gir eit signal om kva det norske folk helst vil ha når energiproduksjonen skal bli fornybar.

Splitta om vindkraft på land

Det er Universitetet i Bergen, saman med Havforskingsinstituttet og Bergen kommune, som har bestilt spørjeundersøkinga.

Den er gjennomført av Opinion i perioden 14. til 29. august. 1000 personar er spurt om dei er positive eller negative til vindkraftutbygging i Noreg:

  • 40 prosent av dei spurde svarar at dei er positive til vindkraftutbygging på land.
  • 36 prosent svarar at dei er negative til vindkraftutbygging på land.
  • Sju av ti svarar at dei er positive til vindkraftutbygging til havs. Ein av tre seier det er ei havnæring Noreg bør satsa på.

– Det speglar godt den debatten som har vore. Det er ulike og til dels sterke meiningar, slik det alltid er når det blir gjort naturinngrep, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).

Vindmøller Fjeldskår i Lindesnes

ULIK OPPFATNING: Spørjeundersøkinga er også fordelt på landsdel. I Midt-Noreg svarar 43 prosent at dei er negative til utbygging på land. På Vestlandet er dei temmeleg delte på midten, medan det er Austlandet som er mest positive. Her svarar berre 1 av 3 av dei er negative til vindkraft på land.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Motstanden har auka

Den ferske undersøkinga er langt frå den einaste som er gjennomført for å sjå kor vinden bles i spørsmålet om vindkraft.

Også Cicero, senter for klimaforsking, gjennomfører klimaundersøkingar årleg. Eitt av spørsmåla er om Noreg bør auke vindkraftproduksjonen på land.

I fjor stilte ein av ti nordmenn seg ganske eller svært negative til det. I år svarar kvar fjerde nordmann det same (ekstern lenke).

Når det i den nye undersøkinga frå UiB er kvar tredje nordmenn som er negativ til vindkraftutbygging på land, ser det ut til at motstanden aukar jamt.

I førre veke sa også fylkespolitikarane i Hordaland blankt nei til utbygging av vindkraft på land i dei føreslegne områda i fylket.

– Utifrå det vi har sett i høyringsrunden til NVE så langt, så ser vi at det er behov for å endre konsesjonssystemet for vindkraft på land. Det handlar mellom anna om lokal medverknad og kor lang tid det går frå konsesjon blir gitt til det blir realisert, seier oljeministeren.

Havvindparken Sheringham Shoal

VIL HA DETTE: Havvindparken Sheringham Shoal i Skottland. Sju av ti nordmenn ønskjer at Noreg satsar på havvind.

Foto: Chpv/scira Offshore Energy / NTB scanpix

Forskar på havvind

Denne veka vart det lagt fram ein rapport som seier at havvind kan bli eit nytt industrieventyr for Noreg.

Om vi klarer å ta ein femdel av den globale marknaden på flytande havvind, kan det på 30 år bli skapt verdiar for opp mot 117 milliardar kroner, skreiv Sysla måndag.

Korleis ein skal klare å kome dit, vil næringslivet og industrien ta opp med statsministeren på tysdagens toppmøte.

Freiberg og vindmølle
Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Men det er dyrare å bygga vindturbinar på havet og det tek lenger tid før dei blir lønsame. På Universitetet i Bergen jobbar stipendiat Astrid Nybø med korleis vindturbinane kan bli meir effektive.

Det gjer ho ved å studere om modellane industrien legg til grunn for utbygging og design av vindturbinar, er god nok. Forskinga hennar kan gi ein modell som gjer det tryggare og meir lønsamt for selskap å investere i flytande vindkraft.

– Det er veldig spennande å forske på dette no som det er mykje fokus på det. Eg håpar det kan vere med å bidra til at vi får på plass meir havvind og fornybar energi, seier Nybø.

Ho trekk fram fleire fordelar med å plassere vindturbinane utanfor kysten vår.

– Dei gjer ikkje like store inngrep i landskapet, vi slepp å sjå dei når vi går fjelltur. Dei produserer også meir energi per turbin, fordi det er betre vind på havet.