Hopp til innhold

Her kjem Noregs lengste hengebru

Statens vegvesen vil la Noregs lengste hengebru krysse Nordfjord.

Bru over Nordfjord

LENGST: Med sine 1760 meter blir brua mellom Svarstad og Frøholm den lengste i landet.

Foto: Statens vegvesen

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), seier han er oppteken av å få ei løysing med kryss for av- og påkøyring mellom E39 og riksveg 15, og vidare tilknyting til Stryn sentrum.

– Kryssingspunktet nord for Nordfjord vil vere gjenstand for nøye vurdering frå vår side, seier Flo.

Statens vegvesen la fram sine forslag til ny E39 torsdag, og fram til 1. juni skal kommunar, næringsliv, organisasjonar og andre kome med sine innspel om kvar vegen skal gå mellom Byrkjelo og Grodås. For Stryn kommune blir det særs viktig å få vegen tett opp mot Stryn sentrum.

– Vi er opptekne av funksjonelle av- og påkøyringspunkt, både i høve kopling mot riksveg 15 og nærleik til Stryn sentrum, seier Flo.

Den nye vegtraseen vil halvere lengda på strekninga mellom Byrkjelo og Grodås, frå kring 75 kilometer til maksimalt 40 kilometer. Også reisetida vil bli kraftig redusert, frå 67 minutt pluss ferje, til 35 minutt.

– Det vi får her er ei veldig innkorting av E39, ein av dei mest effektive traseane slik sett, seier planleggingsleiar i Statens vegvesen, Ellen Njøs Slinde.

Stort prosjekt

Den planlagde brua frå Frøholm til Svarstad vil få vere 1760 meter, og bli Noregs lengste. To av alternativa som tidlegare låg på bordet for fjordkryssing har Vegvesenet kvitta seg med. Intensjonen var då å få til eit kryss som låg oppe i dagen, men det har synt seg å bli vanskeleg.

Utvik mot aust

TUNNEL: Oppe i lia i Utvik skal nye E39 gå, men nøyaktig kvar vegen går før og etter får ein først svar på sommaren 2018.

Foto: Statens vegvesen / Statens vegvesen

– Det er eit stort teknisk planarbeid som skal på plass i høve brua, seier Slinde.

Vegvesenet reknar med å bruke minst to år før ein kan legge fram ei konsekvensutgreiing for vegen.

– Då vil kortare reisetid, påliteleg og tilgjengeleg E39 vere viktig. I tillegg til dei konsekvensane, både for trafikantar og kommunane, som vi ser ut ifrå planprogrammet, seier ho.

Felles for alle forslaga som ligg på bordet frå vegvesenet si side er at E39 i framtida skal gå i tunnel frå Byrkjelo med opning i lia over Utvik. Vidare skal vegen gå i kort tunnel og veg framme i dag fram til Innvik, før ein ny tunnel tek bilistane rett ut på brua.

Har teke omsyn til uro

I Gloppen har ein vore uroa for at mykje matjord vil forsvinne i samband med vegen, noko Stryn kommune også har meldt inn er viktig å ta omsyn til. Han er nøgd med forslaga som ligg på bordet.

– Mellom anna i Vikane er vegen lagt relativt høgt i terrenget, og ein prøver å skåne mest mogleg dyrka mark, seier ordføraren.

I Utvik er forslaget så ferskt at leiaren i Utviklingslaget ikkje har fått undersøkt om forslaga ser gode eller dårlege ut.

– Det viktigaste for oss er at det er kort veg til E39 og gode avkøyrsler for å kople seg av og på, seier Kjell Bruland i Utvik Vel- og utviklingslag.