NRK Meny
Normal

Her kan flybillettane bli dyrare

Flora lufthamn er den einaste flyplassen i fylket som vil bli råka når rabatten på startavgifta blir fjerna.

Florø lufthamn
Foto: Birger Meland / NRK

Flyselskapa må betale startavgift kvar gong eit fly tek av frå ei statleg lufthamn, det vil seie ei lufthamn eigd av Avinor. I dag får selskapa 30 prosent rabatt på lufthamnene i Oppland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag med unnatak av Trondheim, Nordland med unnatak av Bodø, Troms og Finnmark.

Richard Kongsteien, Widerøe

UROA: Richard Kongsteien i Widerøe fryktar både dyrare billettar og kutt i tilboda.

Foto: Widerøe

Ifølgje Nationen ønskjer regjeringa å fjerne botnfrådraget i startavgifta frå og med neste år.

– Vi synst det er synd at dette tilbodet forsvinn og fryktar at konsekvensen kan bli både dyrare billettar og kutt i tilboda, seier kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien til NRK.

Kan bli dyrare å fly i Florø

I Sogn og Fjordane er det Florø lufthamn som kan bli råka av at denne rabatten forsvinn. Resten av flyplassane blir drivne på anbod og her kan operatørane sende rekninga vidare til staten. Men frå 1. april blir Florø ein kommersiell flyplass og dermed ein av dei som ikkje slepp unna.

Kongsteien seier det er for tidleg å spå akkurat kor mykje dyrare billettane blir. Men påpeiker at det går ei smertegrense, før det vil gå utover tilbodet.

– Det er ikkje slik at vi i flybransjen berre kan leggje på prisen på ein flybillett i det uendelege. På eit tidspunkt vil folk seie at «dette er det ikkje er verdt». Då vert konsekvensen eit redusert tilbod, seier han.

Fryktar for dei kommersielle rutene

Avgiftene ved lufthamnene består mellom anna av startavgift, passasjeravgift og tryggingsavgift. Difor vil Widerøe sjå an kva som skjer med heile avgiftsregimet, før dei trekkjer nokon endelege konklusjonar.

– Det vi håpar er at andre avgifter blir reduserte, slik at summen anten blir til fordel for flyselskapa og passasjerane, eller i alle fall i null, seier han.

Men viss trenden held fram og avgiftsregimet blir stramma ytterlegare til, fryktar han at ein del kommersielle ruter vil forsvinne.

– Rabatten på startavgifta har vore eit godt verkemiddel for å løfte fleire ruter ut av det politiske anbodsregimet og tilføre litt meir marknadskrefter. Konsekvensen av å fjerne den kan vere motsett av det den sitjande regjeringa sjølv ønskjer, nemleg å auke dei kommersielle rutene og redusere anbodsrutene, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.