Hopp til innhold

Regjeringa vil ikkje finansiere flyrutene i Florø med ei krone

Flyrutene til og frå Førde, Sandane og Sogndal blir lyste ut på anbod.

Flyplassen i Florø

BLIR IKKJE ANBOD: Flyrutene til og frå Florø blir rekna som så trafikksterke at dei har potensial for konkurranse på kommersielle vilkår, skriv samferdsledepartementet.

Foto: DAT

Regjeringa har i dag bestemt seg for å legge kortbanerutene ut på anbod. Anbodsfristen er sett til 7. juli 2015.

Leiar for Industriforeiningen i Florø, Bjørn Hollevik, er skuffa over avgjerda om at det blir kommersialisering av flyrutene til og frå Florø.

Bjørn Hollevik

SKUFFA: Bjørn Hollevik i Industriforeininga i Florø er skuffa over avgjerda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skuffelse i Florø

– Eg er særdeles skuffa, både for Florø og for reisande til og frå Sogn og Fjordane. Det er leit at dei opnar for kommersialisering berre på ein flyplass, og ikkje alle fire i fylket. Dette vil legge til rette for konkurransevriding mellom bruk av flyplassane.

Anbodsinvitasjonen gjeld flyruter i perioden frå 1. april 2016 – 31. mars 2020:

  • Røros–Oslo
  • Førde–Oslo
  • Sogndal–Oslo
  • Sandane–Oslo
  • Sogndal–Bergen
  • Sandane–Bergen
  • Førde–Bergen
  • Ørsta-Volda–Bergen

– Flytilbodet på kortbanenettet er ein viktig del av vårt samferdselstilbod. I nytt anbod for flyruter i Sør-Noreg vil regjeringa sikre eit godt tilbod til flypassasjerane og samstundes styrkje konkurransen om flyrutene, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Godt trafikkgrunnlag

Widerøe driv i dag flyrutene i Florø utan statlege subsidiar. Frå 1. april 2016 blir det ikkje statleg regulering og kjøp av flytransport på rutene Florø–Oslo, Florø–Bergen og Ørsta-Volda–Oslo.

– Eg opplever dette som litt tankelaust. Med det som er gjort legg ein til rette for ein strukturdebatt utan å invitere til den. Det blir ei konkurransevriding mellom flyplassane. Når strukturdebatten kjem har ein fått ei skeivfordeling av trafikken der offentlege kjøp dannar grunnlaget. Det set eg veldig liten pris på, seier Bjørn Hollevik.

Regjeringa reknar rutene er som trafikksterke flyruter med potensial for konkurranse og tilbod på kommersielle vilkår.