Hopp til innhold

Passasjersvikt for flyplassane

Alle flyplassane i fylket hadde nedgang i passasjertala i fjor. Nedgangen er størst på Sandane lufthamn, men det er også lyspunkt.

Førde lufthamn, bringeland

FÆRRE ENN I 2013: I fjor drog vi utanlands som aldri før, men passasjerane svikta småflyplassane innanlands. Her frå Førde lufthamn.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef - Førde lufhamn, Bringeland

SER NASJONAL TREND: Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn.

Foto: Avinor
Sandane lufthamn Anda

MEST TILBAKE: Sandane lufthamn, Anda.

Foto: Eva Marie Felde / NRK
Florø lufthamn

LITEN FRAMGANG I DESEMBER: Florø lufthamn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Sogndal lufthamn Haukåsen

TILBAKE: Sogndal lufthamn, Haukåsen.

Foto: Sogndal lufthamn

Etter nokre år med eventyrleg vekst, opplever flyplassar over heile landet nedgang i passasjer. Så også kortbanenettet i Sogn og Fjordane.

Størst var tilbakegangen på Sandane med 8,1 prosent, medan Sogndal opplevde ein svikt på 6,2 prosent. Florø lufthamn opplevde ein svikt på 3,1 prosent, medan Førde hadde 2,8 prosent færre reisande. Tala er frå Avinor og viser innalands flytrafikk.

Færre reiser innanlands – utanlands aukar

Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn Bringeland seier trenden er lik over heile landet, og han er ikkje uroa over utviklinga.

– Det er svingingar i næringslivet som igjen verkar inn på talet reisande. På landsbasis ser vi ein stagnasjon og liten tilbakegang på innanlandstrafikken, mens utanlandstrafikken aukar. Det er naturlege svingingar. Det er gledeleg at vi er blant dei som går minst tilbake i 2014. Vi ser positivt på at vi faktisk har ein god auke i enkelte månader.

To av fire auka passasjertalet i desember

For to av flyplassane i fylket er tala for desember er noko meir lystig lesnad enn tala for 2014 sett under eitt. Florø og Førde noterer seg med ein liten auke.

I alt 6.154 passasjerar reiste i desember inn- og ut frå Førde lufthamn Bringeland.

Med ein auke på 3,3 prosent i høve desember 2013 er det den beste prosentvise utviklinga blant flyplassane her i fylket. Florø auka med to prosent, medan Sandane og Førde gjekk tilbake med 17,6 og 22,9 prosent.

På Førde lufthamn – i Gaular, er lufthamnsjefen godt nøgd med den siste utviklinga.

– Det er positivt og dette viser at det er eit behov for oss i lokalmiljøet rundt flyplassen, seier Kjell Otto Gjesdal.

Tala i tabellen under gjeld innanlands flytrafikk, utan helikoptertrafikk.

Florø lufthamn har i tillegg 54.320 passasjerar som reiste offshore i 2014. Dette er ei auke på sju prosent. Det totale passasjertalet for Florø blir dermed 200.356. Totalt for Florø blir nedgangen i passasjerar på 0,7 prosent.

Flytrafikken i Sogn og Fjordane

Lufthamn

Passasjerar heile 2014

Endring

Passasjerar desember

endring

Florø

145.909

-3,1 %

10.941

2,0

Førde, Bringeland

82.356

-2,8

6154

3,3

Sandane, Anda

37.272

-8,1

2179

-17,6

Sogndal, Haukåsen

70.244

-6,2

3746

-22,9

Kjelde: Avinor