Hopp til innhold

Her kan du låne ski og skøyter heilt gratis

EID (NRK): Det er vinter med snø og kulde, men kanskje manglar du både ski og skøyter. Då kan du få hjelp, i alle fall om du bur i Eid.

Åse Huse og Frida Leirdal

FOR ALLE BEHOV: Åse Huse frå Frivilligsentralen og Frida Leirdal frå LA-senteret i Eid viser fram alt som finns på lageret.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

For i desember opna utlånsbanken BUA. Dette er det første tilbodet av sitt slag i Sogn og Fjordane, men det finns 48 andre i Norge. Her kan ein kan låne alt frå skøyter og skateboard, til kano og slalåmski.

Åse Huse på Bua i Eid

MYKJE Å VELJE MELLOM: Åse Huse seier dei har utstyr for heile året.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er Frivilligsentralen i Eid som har teke initiativet med å få på plass ordninga. Åse Huse er primus motor for etableringa. Ho seier folk nesten ikkje trur på at tilbodet finst.

– Mange tykkjer det er uverkeleg og forstår ikkje at dei kan bruke utstyret i ei veke utan å betale noko.

Vi møter ho i ein stor garasjehall med reolar stappfulle av sportsutstyr.

– BUA står for Barn og unge i aktivitet. Målet er fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede. Tilbodet gjeld også vaksne slik at heile familien kan gå på tur i lag.

Vil ha folk ut i naturen

Det er ikkje berre privatpersonar som kan låne. Også barnehagar, skular, lag og organisasjonar kan komme innom.

– Vi lever tett på naturen i Eid, og mange nyttar seg av han. Men vi har også andre som ikkje gjer det, kanskje fordi dei manglar utstyr.

– Kva veit de om behovet og handlar dette om sosiale skilnader?

– Alle har ikkje råd til utstyr, andre vil prøve forskjellige typar aktivitetar. Til dømes ser vi at det er behov i forhold til ski- og skøytedagar på skulane.

Bua i Eid

SURFEBRETT: Om du vil surfe eller skøyte, her kan du låne det du treng.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Utstyr for heile året

Det er utstyr for alle sesongar. Du kan mellom anna låne lavvoar, surfebrett, våtdrakter og syklar. Det finns også eit naust med kajakkar og båtar. Og dei har mange skateboard.

– Vi har skatebane, difor har vi kjøpt inn skateboard slik at fleire kan låne i lag.

Utstyret har ein verdi på ein halv million. Pengane har dei skaffa frå ulike bidragsytarar, mellom anna har dei fått 250.000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

– Mesteparten er nytt, men vi har også fått litt brukt. Folk har levert inn utstyr dei ikkje lenger brukar. Kravet er at det er brukandes.

Alle leverer tilbake

Frida Leirdal ved Lærings- og arbeidssenteret fortel at det er brukarane av dagsenteret som jobbar ved BUA.

– Dette er personar med spesielle utfordringar som tykkjer det er stas å jobbe her. Dei registrerer alle som kjem for å låne utstyr.

Vanleg utlånstid er ei veke. Så langt har dei ikkje hatt problem med svinn.

– Fram til no har vi fått tilbake alt vi har lånt ut. Vi har heller ikkje problem med hærverk på utstyret, fortel Åse Huse.