Hopp til innhold

– Eg hadde vondt over alt, men vi klarte å stå imot

Elise Thorsnes kunne sleppe jubelen laus etter at LSK laurdag ettermiddag slo Trondheims-Ørn 2–0. Dermed er ho klar for cupfinale og kanskje cupmeisterskap for sin fjerde klubb! Det har ingen spelarar i Noreg gjort før.

Elise Thorsnes

SVÆRT GLAD: Elise Thorsnes frå Leikanger kan bli den første fotballspelaren i Noreg til å finne cupgull for fire ulike klubbar.

Laster innhold, vennligst vent..

– Toppseriegull med ein tredje klubb, cupmeisterskap med ein fjerde klubb og Champions League har vore måla denne sesongen. No har eg eitt av tre, seier Thorsnes til NRK.

Etter semifinale-sigeren mot Trondheims-Ørn var Thorsnes ei svært glad kvinne.

– Eg hadde vondt overalt, men vi klarte å stå imot, sa Thorsnes før ho kasta seg om halsen på dei andre jentene på laget.

Sørga for solid siger

Elise Thorsnes putta det første målet på overtid i første omgang. På overtid i andre omgang avgjorde Therese Åsland det heile, etter ein glimrande pasning frå Elise Thorsnes.

LSK Kvinner har alt vunne serien og jaktar no sin femte cupsiger. I morgon møtes Arna-Bjørnar og Vålerenga for å spele om den siste cupfinalebilletten.

Målet for Elise er altså at LSK Kvinner skal klare å ta cupgull i november, då har ho nemleg klart det heilt store. Berre sjå her:

  • Seriegull i tre norske klubbar
  • Cupgull i fire norske klubbar
  • «The Double» i tre norske klubbar

– Målet er å bli historisk på ein måte til, og det var litt av grunnen til at eg valde Lillestrøm då eg kom heim frå USA, seier 31-åringen.

I november reiser Thorsnes, som også har scora flest mål av alle gjennom Toppserien si historie , på nytt proffeventyr med Canberra i Australia.

Richard Jansen i Stabæk, som nærast er eit vandrande fotballeksikon forklarar kor bra dette er.

– Det er ingen menn som har vunne cupen med meir enn to klubber, uansett kjønn. Dermed kan ikkje nokon andre ha vunne «The Double» med meir enn to klubber. Den einaste som har vunne NM med tre klubbar er Trine Rønning, men ho har ikkje tatt «The Double» tre gonger, seier Jansen til NRK.

– Vanskeleg å kopiere

Heidi Støre

FORKLARING: – Det å heile tida søkje nye utfordringar og å oppsøke dei beste miljøa forklarar mykje av suksessen bak Elise si karriere, seier Heidi Støre.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Tidlegare landslagsprofil, og seksjonsleiar for toppklubbutviklinga i Noreg, Heidi Støre, er imponert dersom 31-åringen lukkast.

– Premieskapet blir vanskeleg å kopiere. Med eit stadig tøffare konkurranseklima, også her heime, trur eg vi framover vil sjå ein større variasjon blant medaljevinnarane – det gjeld både i Toppserien og cupen, seier ho.

Ingen på same nivå

Støre er ikkje overraska over at Thorsnes er den som klarer det. Sidan Toppseriedebuten i 2006 har 31-åringen vore ein av dei dominerande spelarane.

– 120 kampar for Noreg på seniornivå, og ei rekkje kampar for aldersfastlagde landslag, vitnar om det, seier Støre.

Fleire spelarar har vunne både serie og cup med ulike klubbar. Støre kan vanskeleg sjå at nokon er på nivå med Thorsnes.

Semifinale i helga

– Vi har gode moglegheiter, men må heve oss frå nivået vi var på mot Kolbotn om det skal bli ein realitet, seier Thorsnes.

Trondheims Ørn, klubben med flest cupmeisterskap for kvinner. I åtte av 15 spelte finalar har dei heva trofeet. Lillestrøm har vunne cupen fire av dei fem siste åra.

Den Tv-sende semifinalen blir spelt 26. oktober. Finalen er i Telenor Arena 23. november.

– Det hadde smakt godt med eit cupgull til, før eg reiser til Australia igjen, seier ho.