Hopp til innhold

Her heldt Gjøran følgje med verdas beste

I spurt med landslagseliten kjempa Gjøran Tefre seg inn til ein 3. plass i jaktstarten, etter å ha slege heile gjengen i prologen. Det lovar godt for kommande sesong.

Dyrhaug

KNIPENT: Gjøran Tefre (t.h.) var synleg irritert over å måtte la Petter Northug jr. (t.v.) og Niklas Dyrhaug (nr. 3 f.v.) sleppe frå i spurten. Martin Johnsrud Sundby nr. 2 f.v.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det var utruleg kjekt. Eg har slite med sjukdom i mai, så eg har ikkje fått trent så mykje. Men i går svarte kroppen bra, seier Tefre.

Langrennsløparen frå Førde hamna til slutt på 3. plass, bak Niklas Dyrhaug og Petter Northug jr, med Martin Johnsrud Sundby på 4. plass. Men i prologen var det Tefre som var best.

– Prologen var seks kilometer, noko som er ganske langt. Men eg gjekk kontrollert ut og hadde ei sterk sluttrunde, seier Tefre, som var taktisk på den 12 kilometer lange jaktstarten.

– Eg la meg i rygg på Sundby og var pigg på siste runde. Men på oppløpet blei eg for passiv. Men fram til dei siste 50 metrane var eg heilt oppe, og det er eg nøgd med, seier Tefre.

Kan bli blant verdas beste

Førde-guten går for Team LeasePlan Go, som er eigd av Thomas Alsgaard, og Alsgaard er godt nøgd med Tefre sin prestasjon laurdag.

– Det var veldig bra. Det er ikkje ofte ein ser ein så ung løpar kjempe i toppen mot dei aller beste. Gjøran har potensial til å bli ein av verdas beste

Thomas Alsgaard for Team Leaseplan Go

HAR TRUA: – Gjøran Tefre har noko ekstra, og det var difor vi henta han til Team LeasePlan Go, seier Thomas Alsgaard.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

langrennsløparar, seier Alsgaard, og peikar på at Tefre har ein enorm kapasitet.

– Men nålauget er trongt og det er viktig å vere tolmodig, seier Alsgaard.

Administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen, er imponert over innsatsen.

– Det er ein ufatteleg prestasjon, og det er kjekt for Gjøran å få ein peikepinn på forma. I tillegg er det kjekt å få resultat i tidleg alder, seier Thorsen.

Og får støtte av Odd-Bjørn Hjelmeset.

– Dette var ekstremt bra. Han kjempar mot dei aller beste, tapar spurten mot Dyrhaug og

Odd-Bjørn Hjelmeset

ER GOD: – Gjøran Tefre har eit ekstremt potensial, det såg vi også i norgescupen, seier Odd-Bjørn Hjelmeset.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Northug, men slår Sundby. Det betyr ingenting at han ikkje vann. Tefre har tida framfor seg, seier Hjelmeset.

Skal lade opp i Vik

Om litt dreg Tefre til Vik, heim til bestemor, for å få nokre veker trening på kremsnøen på Vikafjellet.

– Vikafjellet og Vik skisenter er ein av dei beste sommardestinasjonane. Eg er mykje der på sommaren. No skal eg trene mange rolege timar, delta på samlingar og byggje stein for stein, seier Tefre, som tysdag fullførte bacheloren i økonomi.

Frå no er det fullt fokus på idretten.

– Det har vore i travlaste laget, men no skal eg berre gå på ski, og så håpar eg resultata kjem, seier Tefre, som håpar på fleire verdscuprenn og at han kan slåst om medalje i U23-VM i Salt Lake City i februar 2017.