– Eg var for svak. Niklas hadde ein bra spurt og no seglar han opp som ein kandidat til ankeretappen i Lahti. Eg får komme meg heim å trene hurtigheit, slik at eg ikkje mister den plassen, seier ein smilande Northug etter målgang.
Gjøran Tefre frå Førde var best i prologen, men på den 12 kilometer lange jaktstarten samla det seg fort ei gruppe med fem mann. Tislutt gjorde Martin Johnsrud Sundby, Petter Northug, Niklas Dyrhaug, Gjøran Tefre og Hans Christer Holund opp om sigeren.
På oppløpet var det Niklas Dyrhaug som viste seg sterkast og hadde god luke ned til Northug som tok andreplassen.
Vann spurt, i skøyting!
Niklas Dyrhaug har si styrke i klassisk stil og er ikkje kjende som den raskaste spurtaren i feltet.
– Eg har jobba med både skøyting og spurten. Eg håpar å ta eit steg vidare i vinter, seier Dyrhaug.
Han får skryt av ein annan trønder, som er kjende for sine spurteigenskapar.
– Niklas har jobba hardt med spurten og no vert han ein farleg mann på fellesstart i vinter, seier Northug.
Haga best blant kvinnene
Heidi Weng gjekk ut med ei luke på nesten ti sekund ned til gruppa med Johaug, Haga, Falla og Harsem, men det tok ikkje lang tid før dei var samla i ei gruppe. Fleire av jentene prøvde å rykke undervegs, men inn på oppløpet vart det spurtoppgjer mellom fire jenter, då Johaug var hekta av. Sterkast i spurten var Haga.
– Det var veldig morosamt, eg har tapt for Heidi (Weng) i spurten før på tremila, så eg skulle sørge for at det ikkje skjedde igjen, seier Haga.
– Eg hadde ikkje sjanse rett og slett. Utruleg kjekt med Ragnhild som vann, seier Therese Johaug, etter sin femteplass.
Marit Bjørgen skulle eigentleg gå rennet, men ein skade gjorde at ho måtte stå over.
- Les også:
Blant kombinertgutane gjekk Jarl Magnus Riiber først ut, men Magnus Krog tok att dei få sekunda han var bak frå start og vann overlegent.
Tidlegare har Oslo skishow vore arrangert i Oslo sentrum, men i år endra dei konseptet og flytta løpet til Holmenkollen.
- Les også: