Hopp til innhold

Vart headhunta til laget av Alsgaard

Gjøran Tefre frå Førde skal no gå for Team LeasePlan Go.

Gjøran Tefre

BYTER LAG: Gjøran Tefre frå Førde.

Foto: Rune Helle, Vestpress

– Dette var kjempekjekt. Eg fekk tilbodet for ei lita stund sidan, seier Tefre

21-åringen har til no gått for Team Veidekke Vest, men for sesongen 2016/2017 blir det endra. Det stadfestar Hans Kristian Stadheim, som er trenar for Team LeasePlan Go.

– Vi er stolte over at Gjøran har takka ja, og har stor tru på at vestlendingen allereie komande vinter vil kunne vere med å hevde seg i norgestoppen, seier Stadheim.

– Det er eit utruleg bra sportsleg tilbod. Det er sterke treningsgrupper med Hans Kristian Stadheim og Thomas Alsgaard, seier Tefre.

Headhunta av Alsgaard

Tefre som representerer Førde IL har utmerka seg både som junior- og seniorutøvar med gode plasseringar, skriv nettstaden Langrenn com, som fortalde om saka først.

Langrennsstjerna Thomas Alsgaard står i spissen for laget. Han headhunta langrennsløparen frå Førde til laget.

– Det stemmer, dei var veldig interesserte i å få meg med på laget, og det ser eg på som ei tillitserklæring, seier Tefre.

Vanskeleg val

– Det var ikkje noko lett avgjerd å ta, å velje vekk Team Veidekke Vest. Det har fungert bra, og vore eit opplegg som har passa meg bra både sportsleg og sosialt, seier Tefre.

Denne veka er Tefre på samling på Mallorca saman med resten av langløp- og allroundslaget Team LeasePlan Go.

– Dette er ein sjanse som ein berre får ein gong. Det vil gje meg moglegheit til å satse endå hardare og betre sportsleg på langrenn.

Privatlag

21-åringen frå Førde går no frå eit privatlag til eit nytt privatlag, og er dermed ikkje ein del av skiforbundet sine tilbod.

– Det er eit privatlag, ja. Men det skal og seiast at det er verdas desidert beste privatlag, i alle fall når det gjeld langløp. Og allroundsatsinga deira er den beste i Skandinavia. Her er mykje ressursar og sterke løparar, og er vel eigentleg det einaste laget utanom Norges Skiforbund som kan satse på landslagsnivå, seier Tefre.