– Gloppen omsorgssenter er eit eksempel til etterfylging, seier Erna Solberg.
«Leve heile livet»
I fjor kom regjeringa med reforma «Leve heile livet». Målet er å betre livskvaliteten til dei eldre ved å sjå på aktivitet, fellesskap og mattilbodet. No har Erna Solberg og eldreminister Åse Michaelsen (Frp) sett på korleis tilbodet er på ulike stader i Sogn og Fjordane. Fyrst ut i programmet var å besøke Gloppen omsorgssenter, som tidlegare har teke imot pris for å servere den beste maten i eldreomsorga.
– Det er fint det fokuset Gloppen omsorgssenter har på gode måltid og kvaliteten på maten, og ikkje minst samarbeidet dei har med frivillige om å kvar dag levere ut fersk mat til heimebuande, seier Solberg.
I eldrereforma «Leve heile livet» skal kommunane finne delar av eldreomsorga som kan forbetrast.
– Alle kommunar skal forsøke å finne delar dei kan betre for å løfte kvaliteten. Det er mange som er gode på enkelte område, og veldig dårleg på andre. Når det kjem til mat, er Gloppen ein kommune mange kan lære av, seier Solberg.
Eldreminister Michaelsen var godt kjent med korleis det var i Gloppen, men sette likevel pris på å sjå det sjølv.
– Eg har visst mykje om omsorgssenteret her, sidan me har trekt fram Gloppen som eit veldig godt døme på korleis me ser for oss reforma skal vere. Det er utruleg fint å sjå eldre som smiler frå øyre til øyre til det tilbodet dei får her, seier Michaelsen.
Viktig med kvalitet
Gunnvor Sunde er kjøkkensjef på Gloppen kommunale kjøkken. For ho er det viktig at dei eldre har eit godt mattilbod.
– Eg er oppteken av at maten skal vere god, og at dei eldre har valet til å velje maten sjølv. Uansett alder eller helsetilstand fortener dei å ha gode opplevingar når det kjem til mat. God og næringsrik mat er viktig for at bebuarane skal vere oppegåande. Viss dei ikkje får i seg tilpassa næring, må dei ha meir helseteneste, seier Sunde.
Kjøkkensjefen meiner dei to ministrane kan lære noko av omsorgssenteret i Gloppen.
– Det at me får mat frå lokale produsentar og at me lagar vår eigen mat alle dagar i året, er noko dei bør ta med seg frå det besøket her, seier ho.
- Les også:
- Les også:
- Les også: