Denne sjukeheimen har eigen pub

SANDANE (NRK): Trubadur, øl, heimesnikra bar og diskolys. Alt låg til rette for fest då Gloppen omsorgssenter opna sin eigen pub.

Pubkveld på Gloppen omsorgssenter

TRUBADUR: Det manglar ikkje på noko i puben til Gloppen omsorgssenter. Trubadur, lys og heimesnikra bar er blant det ein finn.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Du ser at denne kvelden gir bebuarane noko. Mange er frå seg av begeistring, seier trubadur Torbjørn Gran.

Han spilte opp til dans i kantina på omsorgssenteret, og på musikkmenyen var alt frå Vamp til Åge Aleksandersen.

Alderssnittet var høgare enn kva som er vanleg på pubkveldar, men det la ingen dempar på stemninga. Dette var noko både bebuarar og tilsette hadde snakka om i fleire dagar.

– Dei har vore så spente, seier Cecilie M. Helgheim, som er leiar ved omsorgssenteret.

Rykka i dansefoten

For det er lenge sidan bebuarane på omsorgssenteret på Sandane sist var på pub. Det ville dei tilsette gjere noko med. Den noko uvanlege kombinasjonen av pub på eit omsorgssenter såg dagens lys etter eit ønske om eit avbrekk frå kvardagen.

– Det skulle vere noko nytt, noko som spreier glede, seier Helgheim.

Inn dørene kom spente bebuarar. Nokre av dei parkerte rullatoren, tok plass ved baren, og kjente det rykke til i dansefoten. På scena spelte trubaduren, og frå den heimesnikra baren kunne bebuarane få kjøpt øl eller vin. Tilsette stilte som både servitørar og bartenderar.

Pubkveld på Gloppen omsorgssenter

PUBKVELD: Trubadur Torbjørn Gran fekk fleire til å vrikke med dansefoten.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Gav meirsmak

Magne Tennebø var ein av bebuarane som tok turen til pubkvelden. Han lèt seg imponere over innsatsen som var lagt ned.

– Dei har stått sånn på. Dette har dei tilsette gjort på aller beste måte, seier Tennebø.

Då kvelden var omme og puben stengde dørene klokka 19, var det klart at pubkvelden gav meirsmak.

– Nokre av bebuarane sa det var veldig kjekt, og at dei garantert skulle vere med neste gong, seier ein trubaduren etter spelejobben.

SJÅ VIDEO: Sjå korleis pubkvelden på Gloppen omsorgssenter var.