Hopp til innhold

Slik skal dei lokke fleire ut i skog og mark

GLOPPEN (NRK): Små, sentrumsnære turhytter skal få folk opp av sofaen i Sogn og Fjordane. Enkle hytter utan straum og vatn, skal etterkvart setjast opp i alle kommunar i fylket.

Små, sentrumsnære turhytter skal få folk opp av sofaen i Sogn og Fjordane. Enkle hytter utan straum og vatn, skal etterkvart setjast opp i alle kommunar i fylket.

SJÅ TV-SAK: Over heile Sogn og Fjordane skal det no byggast nye hytter, som folk kan besøkje når dei skal på dagstur. – Eg tykkjer det er veldig greitt for oss eldre at det er rå å komme seg ut i terrenget. Det er veldig viktig, seier Margun Midthjell. (FOTO/REDIGERING: STEINAR LOTE/NRK)

Kultursjef Jan Kjetil Øygard og Gloppen kommune har allereie sett seg ut tomt. Dei har store planar for «Trivselsskogen» i fjellsida over Sandane sentrum.

Her skal ei kommunal hytte komme alle turglade til gode. Og få endå fleire folk opp av godstolen og ut i naturen.

– Eg trur det blir veldig flott, og veldig kjekt for dei som er på hotell og campingplassar å kunne komme til ein så fin stad der ein kan nyte utsikta. Der du berre kan sleppe bilen og rusle i veg, seier Ruth Aske.

Spleisar på hyttene

Atle Skrede

LOKKAR: Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune håpar turhyttene vil lokke fleire ut i naturen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er eit spleiselag som no gjer det mogleg for Gloppen kommune å setje i gang arbeidet med hytta. Men kommunen i Nordfjord blir truleg ikkje den einaste i fylket. Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier målet er at alle kommunar skal ha ei slik hytte.

Ei heilt enkel hytte, utan straum og utan vatn, men som skal vere ly for vêr og vind – og sikre tryggare ferdsel i naturen.

– Ein gløymer ofte god tilrettelegging i form av god skilting og godt tilrettelagde turstiar. I dag er det dei mest ivrige som går på tur, men eg trur at slike tiltak vil stimulere fleire til å oppleve gleda av å gå ut i naturen, seier Skrede.

Håpar på mange hytter

Med på spleiselaget er også Sparebanken Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga har tidlegare hausta god erfaring med dei mange klatreparkane.

No håpar banksjef Odd Kjetil Tonning at kommunane også kastar seg på nok eit lågterskeltilbod – dagsturhytta.

– Vi har ei budsjettramme på fem millionar kroner, og planen er at ein kan søkje 200.000 kroner til kvart prosjekt. Eg håpar kommunane er om seg og finn gode, flotte plasseringar så vi får folk ut til fjord og fjell, seier Tonning.

Valde Trivselsskogen

Skrede fortel at kommunane må eige og sjølve stå for drifta av hyttene. Samstundes gjer spelemiddelordninga, støtta frå Sparebankstiftinga og momsrefusjonen til at eigendelen blir tilnærma null for kommunane.

I Gloppen har dei funne plass til tomta. Frå «Trivselsskogen» i fjellsida over Sandane sentrum får turgåarar ei fantastisk flott oversikt over Gloppefjorden og fjella.

– Her har vi tenkt å montere dagsturhytta som ei flott oppleving å komme til, og eit delmål for ein tur som går mykje lenger, seier kultursjef Jan Kjetil Øygard.