Hopp til innhold

Her får bilane køyre langt tidlegare enn venta

Allereie no kan dei første bilane køyre forbi rasstaden ved Dalsøyra i Gulen. Og fredag kan den permanente vegen vere heilt klar att.

Torsdag starta arbeidet med å reparere fylkesveg 57. No kan både store og små køyretøy bruke vegen, men folk kan måtte tole litt venting medan arbeidet går føre seg.

– Dette ser ut til å gå betre enn frykta, strålar ordførar Hallvard S. Oppedal (Sp).

Mellombels bilveg

Hallvard Oppedal ved utrasinga på fylkesveg 57 ved Dalsøyra

GLAD: Ordførar Oppedal er glad for at fylkesveg 57 kan byggjast opp att langt raskare enn ein frykta.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Grunnundersøkingar viser at det ikkje blir så krevjande som ein frykta å reparere vegbana som rasa ut i førre veke . Dei viste også at det går fint å gjere gangvegen om til ein mellombels bilveg.

Fylkesvegen er og pendlarveg for tilsette ved industriområda i Sløvåg og Skipavika. Frykta var at dei i månadsvis måtte køyre om Masfjorden, framfor å køyre gjennom Dalsøyra .

– Ein var redd det berre var jordmassar i grunnen, men slik eg forstår det har ein treft på betre masse så ein får sett bygt opp att fundamentet til ein permanent veg, seier Oppedal.

Ras Dalsøyra i Gulen

TOK MED SEG STORE TRE: Vegvesenet meiner store nedbørsmengder var årsaka til at grunnen under vegen rasa vekk.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Slitsamt

Om nedbørsmengdene held seg under dei veldig store mengdene, er håpet at den permanente vegen kan opne innan neste fredag.

– Det er veldig viktig for kommunen. Vi var i dialog med fylkeskommunen om ei båtrute forbi, men no er vi glade for at vi slepper det, seier Oppedal.

– Korleis har de klart dykk utan vegen?

– Ein ser kor avhengig ein er av kommunikasjonane. Det har fungert bra for ungane å gå forbi, men for dei som jobbar i heimetenesta og på industriområda i Sløvåg og Skipavika har det vore slitande og stor omkøyringsveg.