Hopp til innhold

Fylkesveg rasa ut: Over 50 elevar kom seg ikkje på skulen

Nesten ingen av elevane kom seg til Dalsøyra skule i dag etter at fylkesvegen i Gulen rasa ut. No skal det gjerast grundige undersøkingar av grunnen under vegen. Mest truleg går det dagar før den kan opne att.

Knust naust på Dalsøyra

KAN BLI STENGD LENGE: Fylkesveg 57 i Gulen kan bli stengd ein lengre periode etter at ein del av vegbana i dag tidleg rasa ut i området ved Dalsøyra. Her ser ein korleis raset hat teke med seg eit naust på veg ut i fjorden.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Like over klokka 12 kom geolog Mari Åmellem Brøto i Statens vegvesen til staden. Etter ei rask synfaring konstaterer ho at dei å gjere fleire undersøkingar før dei kan starte arbeidet med å reparere vegen.

– Vi må bore for å finne djupna ned til fast fjell, slik at vi kan byggje opp att vegbana på nytt. Kor lang tid det vil ta er for tidleg å seie no, seier Brøto til NRK.no like over klokka 12.30.

Ho har allereie kalla inn mannskap og utstyr for å gjere dei nødvendige undersøkingane.

– Det er ei ganske omfattande utgliding av jordmassar. Vi trur det skuldast nedbøren og eventuelle rotvelt som har ført til at jordmassane har brotna opp.

50 av 63 elevar kjem seg ikkje forbi

– I dag har det ikkje gått skulerute. Det er over 50 elevar som ikkje kom seg på skulen. Korleis situasjonen blir i morgon er uvisst. Det blir no vurdert kva vi skal gjere og foreldra vil få melding på SMS når vi veit meir, seier rektor på Dalsøyra skule, Agnar Mostrøm.

Brannvesenet i Gulen rykte ut med store mannskap då meldinga kom om at delar av fylkesvegen ved Dalsøyra hadde rasa ut. Vegen blir ikkje opna att i dag, og kan i verste fall bli stengd i fleire dagar framover.

– Vi fekk melding i 06.30-tida om at fylkesveg 57 hadde rast ut i Dalsøyra. Det var då uvisst om det var folk som var tekne av raset, så vi køyrde ut med ein del folk for å sjekke det ut, seier innsatsleiar for brannvesenet i Gulen, John Kjetil Strand.

Synet som møtte brannvesenet i stupmørket var at vel 20 meter av vegen hadde rasa ut. Vegen har teke med seg granskog og eit naust og rasa ned mot fjorden.

Til alt hell kunne brannvesenet raskt konstatere at ingen personar var tekne eller skadde i raset.

Geolog og geoteknikar til staden

Statens vegvesen har sidan i dag tidleg jobba med å få kartlagt omfanget av skadane på vegen. Dei har kontinuerleg fått tilbakemeldingar frå entreprenøren, og i 12-tida kom ein geolog og ein geoteknikar til staden for å gjere undersøkingar.

– Dei skal vurdere forholda og finne ut kva tiltak som må gjerast for å byggje opp att vegen. Dessverre ser det ut til at vegen blir stengd i nokre dagar, seier ansvarleg for driftskontraktane i Sogn, Leif Henning Øyre, i Statens vegvesen.

Medan det ofte er sjølve vegbana som er øydelagt av ras som kjem ovanfrå, er det her snakk om at sjølve fundamentet under vegen er vekke.

– Slik vi ser på terrengforholda trur vi ikkje det skal bli så vanskeleg å byggje opp att vegen. Men vi må sikre at vegen ligg på trygg grunn før vi kan starte oppattbygginga.

Kraftig regnvêr og sterk vind har ført til problem på fleire fylkesvegar i Sogn og Fjordane torsdag morgon.

Ras Dalsøyra i Gulen

RASA UT I FJORDEN: Fundamentet under vegen rasa heilt ut i fjorden og tok med seg fleire store tre og eit naust.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Heldt fram å rase etter at brannvesenet kom fram

Etter at brannvesenet kom fram til staden gjekk det fleire småras på staden.

– Det er ikkje heilt stabilt i dei massane som er her, seier Strand til NRK i 7.45-tida.

Innsatsleiaren seier alt tyder på at vegen vil bli stengd ei stund. Vegen blir brukt av mange, og fleire har måtte ta omvegar eller bli heime i dag.

Der vegen har rasa ut har også nokre tre blitt rivne ned, og dei har lagt seg over ei telefonlinje. Telenor er varsla.

Ordførar vil ha fortgang

Hallvard Oppedal ved utrasinga på fylkesveg 57 ved Dalsøyra

VIKTIG VEG: Ordførar Hallvard Oppedal var torsdag ettermiddag på plass på rasstaden ved Dalsøyra.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

– Det er ein viktig veg. Den går til Sløvåg, eit stort industriområde med mange arbeidsplassar og med ferje over til Leirvåg og vidare til Bergen, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal til NRK.no torsdag morgon.

Ordføraren seier vegen er mykje brukt, og at det vil få store følgjer for dei som no må køyre rundt om Masfjorden.

– Kva gjer kommunen no?

– Det må vi ta ein diskusjon på. Vegvesenet vil sikker kome fram til ei vurdering etter kvart på kva dei vil gjere. Men vegen må opp att så raskt som mogleg. Omkøyringa om Masfjorden er lang, seier Oppedal.

Dalsøyra