Hopp til innhold

Her er kommunekassa botnskrapt - og no ventar nye kutt

Selje kommune slit tungt med økonomien. Eit underskot på om lag 15 millionar kroner skal dekkast inn. Då må alle steinar snuast. Det kan bety kutt i både skule, helse- og omsorgstenester og administrasjon.

Økonomisjef i Selje, Geir Kvisten

TUNGT: Økonomisjef i Selje, Geir Kvisten, legg ikkje skjul på at det er tøffe tak i vente for kommunen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Akkurat no er det vanskeleg å vere økonomisjef i kommunen, seier Geir Kvisten.

Nedtrekte persienner skjuler perla Selje-sanden for den ferske økonomisjefen. Han har anna å tenkje på. Kommunekassa er skrapa, og vel så det.

– Totalt manglar vi iallfall 15 millionar kroner for å komme i balanse neste år, seier Kvisten.

I tillegg kjem gjeld på 10,5 millionar kroner, og fonda er tomme. Kommunen har lite inntekter og stadig færre innbyggjarar.

Sa nei til eigedomsskatt

Selje kommune ligg over snittet i Sogn og Fjordane og i landet når det gjeld langsiktig gjeld og ingen frie fond dei kan bruke til drift. Dette er ikkje den første kuttrunden. I fjor stengde døra på Ytre Stad skule.

– Situasjonen er svært krevjande, seier ordførar Ottar Nygård på Tverrpolitisk liste.

I førre veke stemde Høgre, Frp og Sp i kommunestyret nei til å innføre eigedomsskatt i kommune, som kunne gjeve millioninntekter i åra framover. Berre frå private ville kommunen kunne fått inn 2,15 millionar kroner i eigedomsskatt.

I Sogn og Fjordane er det no berre Selje og Hornindal som ikkje har gjort vedtak om å innføre eigedomsskatt. Økonomisjef Kvisten listar opp kuttforslaga.

– Det inneber mellom anna å leggje ned Flatraket skule, noko vi kjem til å føreslå. Vi kjem også til å føreslå å leggje ned ei avdeling ved sjukeheimen, selje omsorgsbustadar og ei generell nedbemanning innan helse- og omsorg, seier Kvisten.

Burde teke grep for lenge sidan

Berre ved å leggje ned Flatraket skule, som har 46 elevar, kan kommunen spare om lag tre millionar kroner.

– Kvifor har det vorte slik?

– Min teori er at politikarane burde teke grep for lenge sidan, den gongen ein hadde større handlingsrom, seier Kvisten.

Han får støtte av Fylkesmann Anne Karin Hamre.

– Situasjonen i Selje er ganske alvorleg, og vi er uroa for tenestetilbodet til kommunane. Mi oppleving er at det har mangla ei felles forståing av alvoret i situasjonen blant kommunepolitikarane, seier Hamre.

Tre gongar dei siste 18 månadane har Hamre og kollegaene vore i Selje. Måla med besøka har vore fleire.

– Å prøve å få kommunen til å vedta nokre spelereglar, både for å betre klimaet internt i det politiske miljøet og mellom politikk og administrasjon. No er det opp til Selje kommune, seier Hamre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesmann Anne Karin Hamre

UROA: Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, er uroa for tenestetilbodet til innbyggjarane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har ikkje nådd fram

– Alle er nøydde til å ta sjølvkritikk. Selje kommunestyre burde, for fleire periodar sidan, teke grep for å setje seg sjølv i ein annan situasjon og unngått at ein er der ein er i dag, seier Nygård.

Han legg til at han personleg har sete i mindretal i kommunestyret.

– Vi har ikkje nådd fram med å kunne gjere noko, seier Nygård.

Nygård er oppgitt over at fleirtalet sa nei til eigedomsskatten.

– I den saka her er det mindretalet som fleire gonger har stemt for innføring av eigedomsskatt og liknande, men det har det ikkje vorte fleirtal for. Dermed er vi i den hengemyra som vi er, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magny Myklebust

PÅ GLØTT: Trass i at ho er Høgre-politikar, held Magny Myklebust døra på gløtt for eigedomsskatt i Selje kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

Lett å vere etterpåklok

Trass dystre økonomiske utsikter skin sola på Selje omsorgssenter. På kontoret sit ein veteran i Selje-politikken.

– Det er klart at med så stor innsparingssum så må det bli endringar. Det kjenner vi på kroppen, og det trur eg folk tek til å tenkje på, seier Magny Myklebust.

Høgrepolitikaren har 20 år bak seg i kommunestyret. Ho meiner politikarane verkeleg har skjønt alvoret.

– Det er alltid lett å vere etterpåklok. At vi burde teke signala og at lampa lyser raudt, det har vi vel sett ei stund, seier Myklebust.

– Kvifor stemde du nei til eigedomsskatt?

– Eg høyrer til Høgre, og vi har programforplikta oss til å vere i mot eigedomsskatt. Men i kommunestyret sist gjekk vi vel så langt at vi held døra på gløtt for eigedomsskatt, seier Myklebust.

Treng ei gulrot

Myklebust meiner eigedomsskatten uansett ikkje vil hindre alle kutt, og at ein kanskje bør vurdere å selje kraftaksjar. Ein annan veteran i politikken er Frp sin Svein Hansen.

– Vi kunne sikkert teke tak i dette på eit tidlegare tidspunkt, seier Hansen.

Også Frp stemde nei til eigedomsskatt.

Svein Hansen

KUNNE TEKE TAK: Frp-politikar Svein Hansen er samd i at politikarane nok kunne teke tak i problema tidlegare.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Selje kommune er ein fråflyttingskommune, så vi treng sårt den industrien som er her. Ei lita gulrot må vi ha, seier Hansen.

Før Framstegspartiet vil vurdere eigedomsskatt, må administrasjonen også sjå på seg sjølve, seier Hansen.

Midt i adventstida skal siste ord seiast. Budsjettet må i balanse. Noko må kuttast.
– Det er ikkje berre skremselspropaganda. Vi har fleire millionar kroner som vi må kutte, og det er harde fakta, seier økonomisjef Geir Kvisten.