Hopp til innhold

Ber kommunane ta imot fleire flyktningar

Kommunane i Sogn og Fjordane vart oppmoda om å busetje 445 flyktningar i 2013, men berre 90 personar med opphaldsløyve fekk stad å bu her i fylket i fjor. No oppmodar Eid-ordføraren til ein nasjonal dugnad.

Alfred Bjørlo om busetting av flyktningar

TA IMOT FLYKTNINGAR: Det er den klare oppmodinga frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo. På biletet til venstre er det flyktningar i ein leir i Sør-Sudan.

Foto: Montasje: UNMISS/Julio Brathwaite/NRK/Geir Bjarte Hjetland

Alfred Bjørlo (V) er nemleg av den klare formeininga at kommunane fint klarer å busetje fleire flyktningar enn dei gjer i dag.

I hans kommune har dei no på plass ein langsiktig plan som skal setje dei i stand til å ta imot om lag 30 flyktningar i året fram til 2016. Det er fleire enn dei har blitt spurte om.

– Vi bestemte oss for at vi ikkje kvart år skulle seie «Oi, dette kom brått på, så vi greier ikkje dette neste år».

- I staden laga vi ein langsiktig plan slik at vi har på plass eit godt apparat til å ta imot flyktningar. Dette er no klart og frå i år, 2014, kan vi ta imot vel 30 flyktningar i året på ein god måte, seier Eid-ordføraren.

Svært få følgjer oppmodinga frå IMDi

Over 5400 flyktningar og asylsøkjarar med varig opphald ventar på å bli busette i norske kommunar, mange av dei har venta på asylmottak i fleire år.

I fjor ville integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) at det skulle busetjast over 9600 flyktningar rundt om kring i landet, men kommunane tok berre imot 5873.

Her i fylket tok kommunane berre imot 90 av dei 445 flyktningane dei blei spurt om.

Allereie i fjor april tok IMDI kontakt med kommunane for at dei tidleg skulle få oversikt over det langsiktig behovet for busetting. Men ifølgje direktoratet er det berre ein fjerdedel av dei spurte kommunane som har sagt ja til det talet IMDI har oppmoda dei om å ta imot.

– Eg er sjølvsagt skuffa over at så få kommunar stiller opp med talet plassar som det er behov for, seier direktør IMDi, Geir Barvik ifølgje deira nettsider.

17 kommunar sa nei eller har ikkje svart

Eid står i rak motsetnad til mange av dei andre kommunane i Sogn og Fjordane. I år og fram til 2016 seier dei altså ja til å busetje vel 30 flyktningar i året.

17 andre kommunar i fylket har anten sagt nei eller ikkje svart på spørsmålet om busetting av folk med varig opphald i 2014.

Ifølgje IMDi sine eigne tal har Flora sagt ja til 30 flyktningar, Hyllestad sju, Sogndal 30, Lærdal og Årdal 15 stykk kvar, Luster fem, Førde 20, Stryn 25 og altså Eid 30.

(Artikkelen held fram under biletet)

Så mange flyktningar har kommunane i Sogn og Fjordane sagt ja til

SÅ MANGE: Denne oversikta viser kor mange flyktningar kommunane har sagt ja til å busetje. Den første kolonnen er kor mange IMDi bad kommunen om å finne bustad til i 2014, det neste er kor mange kommunen sa ja til. I neste kolonne følgjer tal for 2015. Sjå heile oversikta på Imdi.no ved å følgje lenka over.

Foto: Skjermdump frå Imdi.no

Ber kommunane ta eit krafttak

At så mange kommunar ikkje tek imot flyktningar slik dei blir bedne om gir grunn til uro, det meiner KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

– Vi er avhengige av at vi greier busetje dei flyktningane som har fått lovleg opphald i Norge.

– Slik det er no sit altfor mange altfor lenge i mottak.

Ho gir full støtte til Alfred Bjørlo si oppmoding om ein nasjonal dugnad for å sikre busetjing av dei som har fått varig opphald.

– Det er viktig at fleire kommunar gjer som Eid. Nemleg tek eit tak for å leggje til rette for å greie busetje desse menneska, greie integrere dei og greie skaffe dei arbeid, er den klare oppmodinga frå KS-leiaren.

(Artikkelen held fram under)

Jenny Følling

FOR LENGE I MOTTAK: KS-leiar Jenny Følling meiner kommunane må ta ansvar for å hindre at flyktningar med varig opphald blir sitjande for lenge i mottak.

Foto: Alf Vidar Snæland

Difor greier dei det ikkje

Ein av kommunane som har kommunalt vedtak på at dei ikkje skal ta imot flyktningar i år er Askvoll. Svak kommuneøkonomi, mangel på bustader og eit godt nok mottaksapparat er kommunen si forklaring.

Men ordførar Frida Melvær slår samtidig fast at dei også burde vore med på ein nasjonal dugnad for å få busett fleire med varig opphald.

– Dette er eit viktig kommunalt samfunnsansvar som vi må ta på alvor.

– Vi har på nytt fått skriv med oppmoding om busetjing av flyktningar og vi diskuterte seinast i går at vi må sjå nærare på korleis Askvoll kan ta sin del av ansvaret, seier Askvoll-ordføraren.

Håpar kommunane snur

Assisterande direktør Bente Blytt i Integrering- og mangfaldsdirektoratet Vest håpar at kommunane vil snu.

– Kommunane bør ha ei langsiktig planlegging av dette, og få dette inn som ein del av det ordinære arbeid på same måte som dei jobbar med til dømes skule og helse.

– Dette er ei oppgåve som er kome for å bli, og den kjem ikkje til å forsvinne, seier ho.

Vil ikkje bruke tvang

Sjølv om mange kommunar ikkje tek imot flyktningar og asylsøkjarar med varig opphald, bør dei ikkje tvingast, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Eg har meir tru på den frivillige prosessen ein i dag har rundt busetjing av flyktningar viss vi får til eit godt samspel.

– Men skal vi få dette til å fungere må alle kommunane vere med på dugnaden, og sjå at dette er ei kommunal oppgåve på lik linje med andre kommunale oppgåver, seier Venstre-politikaren.