Hopp til innhold

Her bergar dei Måløyraidsenteret frå konkurs

RAUDEBERG (NRK): Med eit vedtak i Kinn kommunestyre om å løyve 3,3 millionar kroner, er Måløyraidsenteret sikra vidare drift.

Kinn kommunestyre

SA JA: Eit fleirtal i Kinn sitt kommunestyre gjekk inn for å støtte Måløyraidsenteret med 3,3 millionar kroner.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Tidlegare i haust sa formannskapet i Kinn nei til å løyve dei 8,9 millionane det krigshistoriske senteret i Vågsøy trong for å berge drifta.

I dag sa eit fleirtal i kommunestyret ja til å gi senteret ein mindre del av denne summen, meir nøyaktig 3,3 millionar kroner.

Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Senterpartiet hadde eit alternativt forslag som fall. I tillegg til rådmannen sine vilkår, ville dei at kommunen skulle overta lånet til senteret på over 5 millionar kroner. Senterpartiet enda med å dele seg i to, fire representantar stemte for dette forslaget og fire for forslaget til rådmannen.

Økonomiske problem

Måløyraidsenteret viser historia til Måløyraidet og krigshelten Martin Linge, og blei opna hausten 2018. Ikkje mange månadene etter synte det seg at senteret hadde store økonomiske utfordringar.

Eit nytt styre blei sett inn for å snu skuta. Styreleiar Norvall Bakke var letta etter avgjerda i kommunestyret.

– Dette betyr at vi kan få løyst den akutte økonomiske situasjonen og kome oss vidare, seier han.

– Då er ein berga for no, men korleis ser du på drifta vidare?

– Det vil vere krevande, men med ein del dugnad og andre tilskot, pluss aktiv marknadsføring, så tenker eg det skal vere godt grunnlag for å få til ei positiv drift av senteret.

Norvall Bakke

LETTA: Styreleiar i Måløyraidsenteret, Norvall Bakke, var letta etter at millionstøtta vart stadfesta.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Utfordrande, men mogleg

Styret har vurdert det som «utfordrande, men mogleg» å sikre vidare drift med eit tilskot frå Vågsøy/Kinn på knappe 3 millionar kroner.

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet sa nei til å løyve 8,9 millionar kroner då saka var oppe i formannskapet i Kinn i byrjinga av oktober.