Hopp til innhold

Helse Vest seier ja til avgrensa tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus

Styret i Helse Vest sa i dag ja til eit avgrensa tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus.

Nordfjord sjukehus

FÅR DAGKIRURGI: Nordfjord sjukehus har fått endele ja til eit avgrensa tilbod med dagkirurgi.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dermed slutta Helse Vest seg i store trekk til vedtaket i Helse Førde den 24. januar, og dermed har Helse Førde fått grønt lys for å gå i gang med å opprette tilbodet.

Vil ha lokal leiing

Den einaste endringa i forhold til vedtaket i Helse Førde er at Helse Vest vil ha ei lokal leiing på Nordfjord sjukehus, seier styreleiaren i Helse Vest, Terje Vareberg.

– Det er ein føresetnad for at modellen lukkast godt at det blir etablert ei stadleg leiing ved sjukehuset på Nordfjordeid, rett og slett for å sikre ei god samordning av det daglege arbeidet.

Terje Vareberg

VIL HA LOKAL LEIING: Styreleiar Terje Vareberg i Helse Vest.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Lovar pengane som skal til

Styret i Helse Vest legg, som Helse Førde, til grunn at det skal vere dagkirurgi på Nordfjordeid med om lag 60 operasjonsdagar i året, i hovudsak handlar det om grå stær-operasjonar.

Helse Vest er innstilt på å stille til rådvelde dei pengane som trengst.

– Vi vil dekke inntil åtte millionar kroner som ei eingongsløyving for å få dette på plass. I tillegg dekker vi meirkostnader til drift med inntil fire millionar kroner årleg. Det konkrete talet får vi kome tilbake til, seier Vareberg.

Han seier at pasientgrunnlaget for dagkirurgi er tynt, men at dei meiner det skal vere grunnlag for å få det til.

– No byggjer vi vegen medan vi går han, og det avheng av at det blir utvist god fleksibilitet, at det er god vilje til å få det til, og at det er openheit og gjensidig respekt mellom dei ulike fagdisiplinane, både innan sjukehuset, men også mellom Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus.

Alfred Bjørlo

GODT NØGD: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Betydelege steg vidare

Ordførarane Alfred Bjørlo i Eid og Morten Hagen i Vågsøy var til stades på styremøtet i Helse Vest i dag, og i går hadde Nordfjordrådet eit møte med Helse Vest. Alfred Bjørlo er meiner Nordfjord sjukehus har kome betydelege steg vidare etter vedtaket i dag.

– Eg er veldig godt nøgd med at det blir presisert at det skal vere ei stadleg leiing på Nordfjordeid. Dette har vore eit hovudkrav frå Nordfjordrådet, og det er heilt avgjerande å ha ei lokal leiing som kan samle trådane.

Bjørlo meiner vedtaket i Helse Vest opnar for eit vidare tilbod innan dagkirurgi enn dei grå stær-operasjonane som Helse Førde meiner kan utførast ved Nordfjord sjukehus.

– Slik eg tolkar det blir det meir enn det, og at alle andre fagområde kan vere aktuelle. For oss er det viktig å få utnytta dei ressursane vi har innan anestesi på Nordfjordeid.