Hopp til innhold

Helse Førde-styret ba om godt vêr - tilbyr nordfjordingane operasjon for grå stær

Styret i Helse Førde gjekk i dag inn for å etablere eit svært avgrensa tilbod innan dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Vilkåret er at Helse Vest blar opp dei millionane som trengst.

Debatt helse førde

SA NEI: Eit fleirtal i Helse Førde-styret sa fredag føremiddag nei til å opprette dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

– Det kan virke som at dagkirurgi kan er eit vere eller ikkje-vere for sjukehuset, det er jo absolutt ikkje tilfelle, sa styremedlem Knut Cotta Schønberg i debatten.

Vedtaket i styret inneber at det kan bli oppretta eit dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus inntil 60 dagar i året.

I hovudsak vil det vere pasientar frå Nordfjord med grå stær som vil kunne få gjort operasjonar på sjukehuset.

– Etter ei samla vurdering og under føresetnad av økonomisk dekning vedtek styret å starte opp med dagkirurgi i avgrensa omfang, om lag 60 dagar i året, heiter det i vedtaket.

Overlet betalinga til Helse Vest

I innleiinga av styremøtet la administrerande direktør Jon Bolstad vekt på at tal syner at det ikkje er eit tilstrekkeleg pasientgrunnlag for å opprette eit heiltids dagkirurgisk tilbod i Nordfjord.

Dette var styret samd i, men utfrå alle reaksjonane som har kome inn, valde styret å går for ei løysing der særlege eldre pasientar vil få eit tilbod nærare heimen.

– Dersom eg skulle prioritert dette innanfor rammene til Helse Førde så hadde eg ikkje gått inn for det. Føresetnaden er at eigar dekkjer både investering- og driftskostnad, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, til NRK.no.

– Vi har dekka behovet

Ho meiner at helseføretaket ikkje har råd til å leggje ei krone i potten for å få realisert eit avgrensa dagkirurgisk tilbod, og at det i så fall er Helse Vest som må sørge for midlane som trengs.

– Når vi ser på pasientgrunnlaget så har vi i dag dekka behovet til folk i Sogn og Fjordane. Då er det klart at vi ikkje kan byggje opp nokon overkapasitet innanfor våre rammer. Vil eigar gjere det, så ok, seier Ringstad.

Styret i Helse Vest får no vedtaket frå Helse Førde på bordet, truleg alt i sitt neste møte. Dermed har Jorunn Ringstad og dei andre styremedlemene i Helse Førde spelt ballen vidare.

Glad for prinsippavklaring

Ordførarane i Nordfjord har truga med at dei vil forsøke å melde seg ut av Helse Førde om det ikkje blir eit tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Etter styremøtet fredag var Eid-ordførar Alfred Bjørlo likevel rimeleg nøgd.

– Eg er i alle fall glad for at det vi har fått ei prinsippavklaring på at kirurgi kan vere ein del av innhaldet i framtidas lokalsjukehus.