Hopp til innhold

Rår Helse Vest-styret til å løyve pengar til dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset i Eid

Styret i Helse Vest blir rådd til å løyve pengar til å starte opp eit avgrensa dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.

Nordfjord Sjukehus

DAGKIRURGI: Helse Førde har sagt ja til eit avgrensa dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus. Helse Vest-direktøren oppmodar no styret i regionhelseføretaket om å løyve pengane som trengst.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er administrerande direktør Herlof Nilssen som kjem med tilrådinga til styret til regionhelseføretaket.

Diskusjonen om kor vidt det skal vere eit dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset i Eid har gått lenge, og for ei lita veke sidan gjekk styret i Helse Førde inn for å starte opp eit avgrensa tilbod. Vilkåret er at Helse Vest blar opp dei millionane som trengst.

I sitt framlegg til styrevedtak ber Herlof Nilssen Helse Vest-styret om å stille opp med pengane.

– I utgangspunktet tilrår eg styret om å gjere vedtak som stort sett er i tråd med det som var vedtaket i Helse Førde, seier Herlof Nilsen til NRK.no.

Sa ja til avgrensa tilbod

Det er per i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved sjukehuset i Nordfjord. Lokalt har det lenge gått føre seg ein kamp for å få dette på plass. Nordfjord-ordførarane truga tidlegare i januar med å bryte med Helse Førde om dette ikkje kom på plass.

Sist fredag gjekk Helse Førde-styret inn for å etablere eit svært avgrensa tilbod innan dagkirurgi. Vedtaket inneber at det kan bli eit slikt tilbod 60 dagar i året. I hovudsak vil det vere pasientar frå regionen med grå stær som kan få utført operasjonar på sjukehuset.

Det var heilt tydelege på at dei ikkje hadde ei einaste krone å leggje i potten for å få finansiert tilbodet, og føresetnaden for at tilbodet skal kome er at Helse Vest tek rekninga.

– Teneleg for Helse Førde og innbyggjarane

Herlof Nilssen

TILRÅDING: Herlof Nilssen rår Helse Vest-styret til å løyve pengar til eit dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Foto: Helse Vest

Administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest har no kome med si tilråding til styret. Der går han inn for at dei bør følgje opp vedtaket gjort i Helse Vest.

– Vi ser at det i Helse Vest og Sogn og Fjordane allereie er eit rimeleg godt tilbod innan dagkirurgi. Men vi trur dette kan vere eit tilbod til ein del av pasientane som soknar til Nordfjord-området. Ein del av dei pasientane er godt opp i alder, og vi trur det kan vere teneleg for dei å få litt kortare veg, seier han og held fram:

– Samtidig er det eit avgrensa behov i forhold til kapasitet framover, og vi meiner difor dette er eit balansert forslag til vedtak som kan vere teneleg både for Helse Førde og for innbyggjarane i Nordfjord, seier Nilssen.

– Vil fullfinansiere tilbodet

I framlegget til vedtak står det: «Helse Vest vil bidra til å dekke kostnadene til nødvendige investeringar og meirkostnader til drift med inntil kroner fire millionar, og inntil kroner åtte millionar som eit eingongsbeløp til nødvendige investeringar».

Nilssen seier dette truleg vil svare til ei fullfinansiering.

– Så langt eg kjenner tala vil det vere rimeleg tett opp til ei fullfinansiering. Grunnen til at vi har valt å vere så presise i summane er vi ønskjer at kostnadane skal vere føreseielege, seier Nilssen.

Han seier det no blir opp til Helse Vest styret å ta stilling til innstillinga. Både i forhold ti forslaget om at det skal vere eit tilbod, nivået på tilbodet, og finansiering.

Styremøtet er sett til den 5. februar, der det blir teke endeleg avgjerd om tilbodet.

Dette er det konkrete framlegget til vedtak:

«1. Styret i Helse Vest slår fast at det skal etablerast eit dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.

2. Tilbodet må ha eit omfang på om lag 60 operasjonsdagar i året. Kataraktkirurgi (grå stær) vil vere eit sentralt område. Helse Førde må fortløpande vurdere alle andre fagområde ut frå behov, ventetider og bemanning innanfor dei ulike fagområda. Kvalitet og pasienttryggleik må vere avgjerande i val av fagområde.

3. Helse Vest vil bidra til å dekke kostnadene til nødvendige investeringar og meirkostnader til drift med inntil kr 4 mill. til drift og inntil kr 8 mill. som eit eingongsbeløp til nødvendige investeringar. »